Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Snekkevikvegen

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Snekkevikvegen, gnr. 43, bnr. 5 m. fl. – Snekkevika, i Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Wenche Snekkevik, Torill Algrøy og Lars Steinar Snekkevik er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg langs Snekkevikvegen og strekk seg i retning av Pollen/sjø i aust og mot grøntområde i vest. Planområdet ligg i eit etablert bustadområde med tilgrensande grøntområder. Ein finn elles i området hovudsakeleg einebustader, men også tomannsbustader og leilegheitsbygg. Langs sjøkanten ligg det også nokre naust. Planavgrensinga vil truleg bli noko justert og gjerne innskrenka noko i det vidare planarbeidet. Området er i kommuneplanen avsett til bustader og LNFR. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Planområdet er på ca. 46,4 daa.

Planen sitt føremål:
Føremålet med planen er å leggje til rette for bustader med tilhøyrande infrastruktur. Ein har ikkje bestemt seg for bustadtype endå eller sett på antal einingar, men ein ser gjerne for seg bustader i form av rekkehus, fleirmannsbustader og eventuelt einebustader.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Fjell kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 25. oktober 2019

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Fjell kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen,Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er 4250…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…

Varselkart for Lønborg

Frist:

18. september 2024

Detaljregulering for Lønborg, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Bergenhus, Gnr. 168, Bnr. 1771, Lønborg, boliger,…