Personvernsfråsegn for Ard arealplan as

Versjon 2.0 – gjeldande frå 14.10.2026

I Ard arealplan as er vi opptekne av å verna og respektera personvernet ditt i samsvar med EUs personvernforordning av 27. april 2016 (2016/679 General Data Protection Regulation, «GDPR»). Denne personvernsfråsegna forklarer når og kvifor vi samlar inn personopplysningar, korleis vi brukar dei, under kva for omstende vi kan vidareformidle dei til andre, og korleis vi tek vare på tryggleiken til opplysningane. Personvernsfråsegna gjeld nytta av produkta våre og aktivitetar knytt til sal, marknadsføring og korleis vi effektuerer kundeavtaler.

Kven er vi?

Ard arealplan as er eit konsulentfirma for aktørar som ynskjer å få regulert eit fysisk areal. Ard arealplan as har kontor i Bergen. Kontoradresse er Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen.

Spørsmål om personvern kan rettast til eller telefon +47 55 31 95 00.

Ard arealplan as er behandlingsansvarleg for personopplysningar som vi samlar inn og lagrar i samband med at aktørar ynskjer utført tenester frå oss. Dagleg leiar er på vegne av Ard arealplan as den øvste ansvarlege for handsaminga av firmaet sine personopplysningar.

Om handsamingsføremåla våre

Ard arealplan as brukar personopplysningar som er naudsynte i samband med verksemda vår som konsulentfirma. Føremålet med handsaminga er å administrera kundetilhøve, yta tenester i samsvar med avtale, og å gjennomføra rekruttering.

Vi handsamar ikkje personopplysningane dine for sekundære føremål som ikkje er i samsvar med det opphavlege føremålet som låg til grunn for at personopplysningane dine vart innhenta.

Rettsleg grunnlag for handsaminga

Vi handsamar personopplysningar på følgjande rettslege grunnlag:

  • Avtale (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav b): Handsaming som er naudsynt for å oppfylla avtalar med kundar, eller for å utføra oppgåver på førespurnad før ein avtale vert inngått.
  • Samtykke (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav a): Handsaming basert på ditt frivillige samtykke, til dømes nyhendebrev eller publisering av bilete og namn i nyhendeartiklar. Du kan når som helst trekkja samtykket tilbake.
  • Rettsleg forplikting (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav c): Handsaming vi er pålagde etter lov, til dømes bokføringsloven.
  • Berettiget interesse (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav f): Handsaming som er naudsynt for å ivareta våre legitime interesser, til dømes rekruttering, tryggleik og forbetring av tenestene våre. Vi gjer alltid ei avveging mot dine rettar og interesser.

Personopplysningar som vert handsama

Kommunikasjon med kunden skjer via e-post, telefon og eventuelt brev.

Ard arealplan as brukar e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet for å følgja opp kundane våre og forpliktingar. Relevante opplysningar som kjem fram av telefonsamtalar og e-postutveksling som skjer som ein del av arbeidsprosessen, vert lagra i systemet vårt for kundehandtering (CRM-system). Dette er naudsynt for at Ard arealplan as skal kunna gje deg naudsynt brukarstøtte i samsvar med avtala, og dette er i samsvar med personopplysningslovens avgjerder.

Ard arealplan as sine tilsette brukar òg e-post ved intern kommunikasjon. Den enkelte er ansvarleg for å sletta meldingar som ikkje lenger er aktuelle, og minst kvart år gjennomgå og sletta unaudsynt innhald i e-postkassa. Når nokon sluttar, vert e-postkontoane sletta, men enkelte relevante e-postar vil normalt overførast til kollegaer.

Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med e-post. Vi gjer deg merksam på at vanleg e-post er ukryptert, og oppfordrar deg difor til ikkje å senda sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e-post.

Kontaktskjema på www.ardarealplan.no

Dersom du ynskjer å koma i kontakt med Ard arealplan as, kan du på nettsida vår senda e-post via kontaktskjemaet. Vi treng då namnet ditt, e-postadresse og telefonnummer. Du sender meldinga direkte til systemet vårt, og vi får lett vita kva saka gjeld.

Rettsleg grunnlag for handsaminga er di samtykke (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav a) og vår berettigede interesse i å svara på førespurnader (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav f).

Informasjonskapslar (cookies)

Vi brukar informasjonskapslar, som er små tekstfiler som vert lagra på datamaskina til brukaren når du vitjar nettsidene våre. Vi brukar informasjonskapslane for å gje deg som vitjar nettsida best mogleg kundeoppleving og service.

Informasjonskapslane kan delast inn i følgjande kategoriar:

  • Naudsynte informasjonskapslar: Desse er naudsynte for at nettsida skal fungera og kan ikkje slåast av.
  • Statistikk-/analyseinformasjonskapslar: Desse hjelper oss å forstå korleis besøkande brukar nettsida, slik at vi kan forbetra ho.
  • Marknadsføringsinformasjonskapslar: Desse vert brukte for å visa relevant innhald og annonsar.

Dei fleste nettlesarar aksepterer informasjonskapslar automatisk, men du kan endre innstillingane i nettlesaren din slik at dette ikkje skjer. Du kan òg når som helst trekkja tilbake samtykket ditt via innstillingane for informasjonskapslar på nettsida vår. Det kan likevel føra til at ein del av nettstadane du vitjar, ikkje lenger fungerer som dei skal.

Google Analytics

Vi brukar Google Analytics 4 for å analysera besøksdata, som til dømes mengder brukarar som vitjar ulike delar av nettsidene våre og varigheita av desse besøka. Google Analytics samlar inn data som kan knyttast til deg som brukar, til dømes IP-adresse, einingstype, nettlesar og åtferd på nettsida. Dataene er pseudonymiserte, men kan i prinsippet knytast til deg som person.

Informasjonen frå Google Analytics vert lagra på Googles serverar i USA. Overføringa av data til USA skjer med heimel i EUs standardkontraktsklausular (SCC) og/eller EUs rammeverk for personvern mellom EU og USA (EU-US Data Privacy Framework), og er underlagt Googles retningslinjer for personvern.

Du kan lesa meir om korleis Google handsamar personopplysningar på Googles personvernside.

Microsoft Clarity

Vi brukar tenesta Microsoft Clarity for å analysera korleis brukarane navigerer på ardarealplan.no. Clarity er eit åtferdsanalyseverktøy som hjelper oss med å forstå korleis besøkande brukar nettsida, mellom anna gjennom varmekart (heat maps) og øktopptak (session recordings). Dette gjer vi for å kunna designa nettsida betre, og gje ei betre brukaroppleving, slik at du som brukar finn den informasjonen du treng.

Clarity samlar inn åtferdsdata som musebevegelsar, klikk, rulling og navigasjonsmønster. Verktøyet kan også ta opp økter (session recordings) som viser korleis ein brukar navigerer på sida. Microsoft oppgjev at dei anonymiserer IP-adresser og ikkje lagrar fullstendige IP-adresser . Verktøyet maskerer også sensitive data som namn, passord og betalingsinformasjon automatisk . Dataene er likevel å rekna som personopplysningar etter GDPR, fordi dei indirekte kan identifisera ein brukar .

Informasjonen frå Microsoft Clarity vert lagra på Microsoft sine serverar, mellom anna i USA. Overføringa av data til USA skjer med heimel i EUs standardkontraktsklausular (SCC) og/eller EUs rammeverk for personvern mellom EU og USA (EU-US Data Privacy Framework), og Microsoft er sertifisert under dette rammeverket . Meir informasjon finn du i Microsoft sin personvernerklæring.

Rettsleg grunnlag for handsaminga er di samtykke (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav a).

SSL-kryptering

På ardarealplan.no brukar vi SSL-kryptering på domenet vårt. SSL (Secure Socket Layer) sikrar sida mot uønskt inntrenging frå tredjepart. Det kan du sjekka ved å sjå eit låsesymbol ved adressa i adressefeltet og at det står https i adressefeltet. Vi samlar ikkje inn informasjon frå brukarar av nettsida ut over det som er skildra i denne fråsegna.

Informasjon frå Ard arealplan as

Vi publiserer nyhendeartiklar som omtalar gode døme på godkjende planar og tilsvarande på nettsida vår, på Facebook og på Twitter. Desse kan innehalda bilete og namn på personar og verksemder. Ard arealplan as innhentar alltid samtykke frå dei det gjeld før nyhendeartiklar vert publiserte. I tillegg er vi pliktig etter pbl. § 12-8 del 3, som seier at «forslagsstillaren skal alltid kunngjera ei melding om oppstart av planarbeidet i minst éi avis som er alminneleg lese på staden, og gjennom elektroniske medium». I tillegg publiserer Ard arealplan as informasjon på nettsidene våre.

Ard arealplan as sender ut fagleg informasjon til kundane våre via nyhendebrev med informasjon om tema knytt til reguleringsplanarbeid. E-postadressa vert lagra i vårt CRM-system og i vårt integrerte økonomisystem (Power Office). Adressa vert ikkje delt med andre, og vert sletta når du seier opp nyhendebrevet. Personopplysningar til interesserte som berre mottek nyhendebrev, vert lagra i vårt e-post-utsendingsverktøy og vert sletta etter seks månader.

Rettsleg grunnlag for handsaminga er di samtykke (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav a).

Dersom du søkjer jobb hos Ard arealplan as

Søkarlister og innstillingar til kunngjorde stillingar i Ard arealplan as vert lagra på skjerma område så lenge søkeprosessen går føre. Data til kandidatar som ikkje vert valt, vert sletta etter 6 månader etter endeleg avgjerd. Tilgangen til personalmappene er avgrensa til berre dei som har trong for å handsama desse data.

Rettsleg grunnlag for handsaminga er vår berettigede interesse i å gjennomføra rekruttering (GDPR art. 6 nr. 1 bokstav f).

Ard arealplan as sine samarbeidspartnarar og tryggleikstiltak

Ard arealplan as har fleire underleverandørar som leverer tenester knytt til vidareutvikling, drift og tryggleik av dei digitale verktøya våre. Desse er underlagt strenge reglar for datatryggleik og personvern gjennom databehandlaravtaler. Persondataa vert lagra innanfor EU/EØS.

Ard arealplan as brukar seg av eigne underleverandørar når det gjeld tenester knytt til:

  • Drift, lagring og sikkerheitskopiering av Ard arealplan as, filserveren og e-postserveren og med dei administrative brukartilgjenga.
  • Vårt CRM- og ERP-system og synkronisering av data frå Ard arealplan as til dei ulike applikasjonane. Slik overføring av personopplysningar mellom system er naudsynt for å kunna tilby tenester i høve til avtalene våre med kundane.
  • Drift og vidareutvikling av Ard arealplan sine nettsider, og ansvar for overføring av data mellom Ard arealplan as og nettsida.

Ard arealplan as vil ikkje dela, selja, overføra eller på annan måte utlevera personopplysningar til andre ut over det som nemnt over, med mindre vi er rettsleg forplikta til det, eller det er innhenta samtykke til det i forkant.

Kor lenge tek vi vare på personopplysningar?

Vi avgrensar varigheita vi lagrar personopplysningane dine til det som er naudsynt for handsamingsføremåla våre. Ard arealplan as har eigne rutinar for sletting av persondata frå systema våre.

Ard arealplan as tek vare på data som er registrert for kundane våre i systema våre på verksemdnivå, òg etter at ei verksemd avsluttar kundetilhøvet sitt. Personopplysningar og personlege tilgange vert sletta automatisk 3 år etter at ei verksemd har avslutta kundetilhøvet sitt, dersom dei ikkje aktivt er sletta av kontaktpersonen i verksemda sjølv. For andre som ikkje er i eit aktivt kundetilhøve med Ard arealplan as, slettast persondata når den aktuelle tenesta vert avslutta.

Dersom ytterlegare lagring av personopplysningane dine er naudsynt av lovfeste grunnar, kan vi halda fram å lagra personopplysningane dine. Opplysningar vi etter bokføringsloven er forplikta til å verna, vil lagrast i inntil 5 år, i samsvar med krav i lova.

Rettane dine til eigne personopplysningar

Du har etter GDPR følgjande rettar:

  • Retten til innsyn (GDPR art. 15): Du kan be om innsyn i kva personopplysningar vi handsamar om deg.
  • Retten til retting (GDPR art. 16): Du kan be om at uriktige eller ufullstendige opplysningar vert retta.
  • Retten til sletting («retten til å bli gløymd», GDPR art. 17): Du kan be om at personopplysningane dine vert sletta.
  • Retten til begrensing av handsaming (GDPR art. 18): Du kan be om at handsaminga av personopplysningane dine vert begrensa.
  • Retten til dataportabilitet (GDPR art. 20): Du kan be om å få personopplysningane dine utlevert i eit strukturert, vanleg brukt og maskinlesbart format, eller overført til ein annan behandlingsansvarleg.
  • Retten til å protestera (GDPR art. 21): Du kan protestera mot handsaming som er basert på berettiget interesse.
  • Retten til å trekkja tilbake samtykke: Dersom handsaminga er basert på samtykke, kan du når som helst trekkja dette tilbake utan at det påverkar lovlegheita av handsaminga før tilbakekallinga.
  • Retten til å klaga til tilsynsmyndigheita: Du har rett til å klaga til Datatilsynet dersom du meiner at vi handsamar personopplysningane dine i strid med GDPR. Du finn meir informasjon på www.datatilsynet.no.

Kontakt om innsyn, retting, sletting eller andre rettar vert sendt til Din kontakt bør innehalda ei detaljert og nøyaktig skildring av kva for ein rett du ynskjer å utøva. Du må gje oss ein kopi av din identifikasjon for å stadfesta identiteten din, til dømes eit identitetskort eller eit pass. Sistnemnde vil slettast saman med personopplysningane dine i systema våre.

Vi har retningslinjer som sikrar at din oppmoding om innsyn, retting og sletting av personopplysningane dine vert notert, og handsama innan fristen til loven på éin månad frå mottak av din oppmoding.

Dersom kontaktpersonen til ei verksemd har bede om sletting og verksemda framleis står i eit aktivt kundetilhøve, vil Ard arealplan as kontakta verksemda og krevja at ein annan person vert oppnemnt som kontaktperson og denne registrerast i systema våre.

Verksemda/kunden kan òg sjølv administrera tilgang og endra kontaktperson for verksemda si overfor Ard arealplan as. Tilsette i Ard arealplan as har administratorrett og kan sletta data ved at verksemda tek kontakt og ber om dette.

Informasjonstryggleik

Ard arealplan as er ansvarleg for personopplysningar i eigne IT-system og har interne rutinar for vedlikehald og sletting av personopplysningar.

Tilsette i Ard arealplan as har teieplikt som omfattar alle data relatert til kunden og konsulentar. Vi sikrar personopplysningane dine ved tilgangskontroll knytt til kundetilhøvet.

Ard arealplan as ber aldri om sensitiv persondata.

Ved endringar i personvernsfråsegna

Dersom vi endrar personvernsfråsegna vår, vil vi publisera ein ny versjon av denne med oppdatert versjonsnummer og ikrafttredingsdato.

Tidlegare versjonar av personvernsfråsegna vert tekne vare på og er tilgjengelege ved førespurnad til