Publisert:

Frist satt til:

23. september 2019

Maimyra

VARSEL OM NYTT OFFENTLEG ETTERSYN – MAIMYRA

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-10 vert det med dette varsla at detaljregulering for Maimyra, gnr. 42, bnr. 171, m.fl., i Fjell kommune skal leggjast ut på nytt offentleg ettersyn.

Reguleringsplan for Maimyra, gnr. 42, bnr. 171, m.fl., vart lagt ut til offentleg ettersyn første gong frå 19.02.19 – 02.04.19. I høyringsperioden kom det inn merknad frå Statens vegvesen om at planområdet måtte utvidast slik at kryss ved vegen Brattholmen og Ebbesvikvegen rett sør for barneskulen blei tatt med i planområdet. Krysset manglar i dag frisikt og trafikken går til dels i feil køyreretning. Ved å innlemme krysset i planområdet vil ein kunne leggje til rette for løysingar og regulere krysset i tråd med handbok N100. Grunna utviding av planområdet vert no reguleringsplanen for Maimyra lagt ut på nytt offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er det same som ved førre utlegging til offentleg ettersyn, tilrettelegging av bustader og antal bustader er uendra. I det reviderte planforslaget er som nemnd krysset ved vegen Brattholmen og Ebbesvikvegen blitt innlemma i planområdet. Del av Ebbesvikvegen i aust er teke ut grunna at tidlegare avkøyrsel til planområdet frå Ebbesvikvegen er fjerna slik at ein no berre har ein tilkomst til planområdet, frå vegen Brattholmen i nord. Omsynssona, H570 – bevaring kulturmiljø er utvida, samt at bautasteinen som ligg innanfor området har fått eiga omsynssone, H730 – bandlegging etter lov om kulturminnet. Det er i føresegnene også blitt gjort nokre endringar. Blant anna har det blitt lagt inn føresegn, 9.4, til omsynssona H730 og 2.7.1 er endra ift. kva som kan tillatast utanfor byggjegrensa.

Eventuelle merknader til planframlegget må sendast skriftleg innan 23.09.2019
og sendast til: Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post til:

For meir informasjon kontakt Ard arealplan as på tlf. 55 31 95 00.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

23. september 2019

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen,Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er 4250…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…

Varselkart for Lønborg

Frist:

18. september 2024

Detaljregulering for Lønborg, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Bergenhus, Gnr. 168, Bnr. 1771, Lønborg, boliger,…