Publisert:

Frist er satt til:

24. september 2019

Kleivane

VARSEL OM MINDRE ENDRING AV PLAN-ID 20060028 KLEIVANE GNR. 57 BNR. 2, FJELL KOMMUNE

I medhald av plan – og bygningsloven (pbl.) §12-14, varslar vi på vegne av tiltakshavar, Husbyggerens innkjøpskontor AS, at det vil sendes søknad til Fjell kommune om mindre reguleringsendring av reguleringsplanen for Kleivane, gnr. 57 bnr. 2, arealplan-ID 1246_20060028 etter rutinen for forenkla prosess.

Det er i tillegg til dette brevet laget en forenkla planskildring som beskriver ønsket endring.

Formålet med endringa er å ordne opp i eigedomsgrenser, fortau og tomtegrenser, slik at plankart og opparbeidd situasjon stemmer overeins. Det vert ingen endringa i planføresegner, berre i plankartet. Plangrense mot andre eigedomar endrast ikkje.

Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan fylgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råkar omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Ved mindre endringar skal saka leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Plankartet
Plankartet er endra med nye eigedomsgrenser og tomtegrenser internt innanfor plangrensa.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 24.september 2019.

Vidare saksgong:
Dersom planen kan gjennomførast som ei mindre endring vert forslaget til mindre endring sendt til Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.

Dersom planen må takast som ein reguleringsendring vil forslag til reguleringsplan verte sendt Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

24. september 2019
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Skautakleiv

Frist:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for […]
Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

Frist:

1. januar 1970

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) […]
Varslingskart Tellnes næringspark

Frist:

3. august 2022

Detaljregulering for Tellnes næringspark

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Utvidet planavgrensning_Lygra

Frist:

7. oktober 2022

Utvidelse av Detaljregulering for Lygren Indre

BEGRENSET VARSLING Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren […]