Akkjerhaugen

MELDING OM OFFENTLEG ETTERSYN – AKKJARHAUGEN

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-10 har Plan- og driftsutvalet, Jondal kommune, i sak 054/17, den 03.06.19, vedteke at detaljregulering for Akkjerhaugen, gnr. 31, bnr. 1,22,27,163 m.fl., planID: 12272017002, skal leggjast ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er å leggje til rette for hotell med kurs og konferansesenter, samt eit kulturhus som kan innehalde ulike funksjonar som til dømes bresenter, museum, konsertsal, kontor og restaurant. Det vil også bli  lagt til rette for kai i tilknyting til kulturhuset, samt at strandlina vil bli tilrettelagt for allmenta.

Eventuelle merknader til planframlegget må sendast skriftleg innan 27.09.2019
og sendast til:
Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen
eller på e-post til: post@ardarealplan.no.

For meir informasjon kontakt Ard arealplan as på tlf. 55 31 95 00.

Skriv ut