Publisert:

Troldhaugvegen

Reguleringspalen for Troldhaugvegen vart vedteken av bystyret i Bergen 19.06.2024

Planen er utarbeidd av Ard arealplan i samarbeid med Grung Arkitektur AS, på vegne av T & H Holding AS. 

Planområdet ligg sentralt på Hop i Fana bydel, med gode gang-, sykkel- og kollektivsamband. Det er om lag 1,4 km til Nesttun sentrum, og Bybanestoppet på Hop ligg ca. 850 meter unna. I dag inneheld området ei einebustad, medan nabobygg består av leilegheitsbygg og einebustader. 

Planforslaget legg til rette for fire bueiningar i rekke over to etasjar. Bygget er plassert midt på tomta for å sikre gode uteareal, trygg tilkomst og minst mogleg sjenanse for naboar. Einingane er vestvendte med gode sol- og lystilhøve, og tiltaket påverkar ikkje vesentleg sol- eller utsiktstilhøva for bustader som blir liggande bak nybygget.  

Rekkehusa vil få eit moderne arkitektonisk uttrykk som bind saman den lokale strøkskarakteren, der ein finn ei blanding av moderne, større leilegheitsbygg og mindre, eldre einebustader. 

Fleire referanser

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense for Stølsmarka, gnr. 137, bnr.…

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. 208, Bnr. 216, Rollandslia, bofellesskap,…

Fjellanger næringspark plankart kunngjering

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, gbnr. 104/55 i Alver kommune.…

Lonaneset bustad

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering for Lonaneset bustad – Lonevåg,…