Publisert:

Frist er satt til:

15. oktober 2023

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, gbnr. 104/55 i Alver kommune. Nasjonal arealplan ID er 46312022004.

Forslagsstillar og konsulent
Forslagsstillar er Derrick AS. Ard arealplan er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområde
Planområde er lokalisert på Fjellanger i Alver kommune. Området ligg om lag 2 km i søraustleg retning frå Lindås, med kort avstand frå FV 57 (hovudtilførselsveg til Mongstad). Område har tidlegare vore nytta til gartneridrift, og bygga nytta til dette føremålet er framleis å finne i planområdet i dag. Gartneridrifta stogga for fleire år sidan. Tilkomst til planområdet er planlagt frå eksisterande avkøyrsel frå fylkesveg 5466.

I KDP for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden er området i hovudsak regulert til næringsbusetnad. Mindre delar av planområdet er regulert til LNF-areal, og det er ikkje tenkt å byggje noko på LNF-arealet. Heile planområdet er omfatta av omsynssone for landbruk.

Den Trondhjemske postveg er registrert gjennom planområdet. Eksisterande gartneribygg ligg over traséen, noko som gjer at berre er ein liten del av postvegen kan finnast att i dag. Den attverande delen av postvegen ligg vest i planområdet, og vil ikkje råkast av planlagde tiltak. I søraust er ein liten del av planområdet registrert som «areal under marin grense». For dette arealet skal det ikkje gjennomførst tiltak.

Planen sitt formål
Det er ynskjeleg å leggje til rette for lagerverksemd eller anna industriføremål som er gunstig ut frå området si plassering i nærleiken av anna industri. Det planleggjast ikkje for støyande aktivitet på området. Det er tenkt at området kan nyttast til føremål knytt til lager eller anna form for industriverksemd i samband med aktivitet på industriområde Mongstad, gjerne langtidslagring. Planlagt volum og byggjehøgder vil sjåast i samanheng med terreng og eksisterande busetnad i område, og det vil leggjast vekt på at naboar i minst mogleg grad skal sjenerast.  

Området består i dag av noko kupert terreng, og overskotsmassar vil i stor grad kunne nyttast innanfor planområdet.

Planforslaget er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Merknader til varsel om oppstart

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysningar eller som gjeld særlege behov kan sendes skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan AS
Damsgårdsveien 135
5160 Laksevåg
E-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Alver kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil bli sendt til Alver kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist

Frist for merknadar er sett til 15.10.2023. Dette gjev ei frist på 3 veker.

Vidare saksgang
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt til Alver kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.




Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

15. oktober 2023
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Varselkart Bjørnsons gate, næringsbygg

Frist:

20. desember 2021

Bjørnsons gate, næringsbygg

KlimagassberegningerI henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Årstad, […]
Varselkart Molløesmauet

Frist:

29. april 2022

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]
Varselkart Børøy

Frist:

22. februar 2022

Børøy

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]
Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Frist:

22. februar 2022

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]