Publisert:

Frist er satt til:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering for Lonaneset bustad – Lonevåg, gbnr. 13/157, 13/158, 13/159 m.fl., Osterøy kommune. PlanID: 46302016003 og saksnummer 15/2531. Det sendast ut ei avgrensa varsling til dei som vert råka av utvidinga.

Reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Forslagsstillar og konsulent
Norgeshus Mjelde Bygg A/S og Stiftinga Nesjatun er forslagsstillar. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Historikk

Osterøy kommunen og Vestland fylkeskommune har diskutert trafikkløysing for Lonaneset. I møte kom dei fram til at det er naudsynt å utvide planområdet slik at ein kan regulere trygg gangveg for mjuke trafikkantar i Lonevåg sentrum.

Kommunen ynskjer å etablere en miljøprioritert gjennomfartsveg. Ein ser for seg å innsnevre køyrebana til eitt felt, redusere fartsgrensa, legge inn fartsdumpar og etablere einsidig fortau på eksisterande vegbane. Med ei slik løysing vert det naudsynt å leggje inn møteplassar for bilar.

Reguleringsplanen ligg innanfor områderegulering Lonevåg – Hatland, nasjonal arealplan-ID 46302015001. Områdeplanen for Lonevåg set rekkefølgjekrav om tosidig fortau. Vestland fylkeskommune godtek at det kan etablerast einsidig fortau, og har dermed gått vekk frå kravet om tosidig fortau langs denne strekninga. Osterøy kommune skal og legge inn trafikksikringstiltak for reguleringsplan i neste rulleringa av Temaplan for trafikksikring i Osterøy kommune.

Planområdet
Etter utvidinga vil planområde ha ei storleik på ca. 85,1 daa.

Planområdet ligg på eit høgdedrag i Lonevåg med tilkomst frå vegen Lonaneset og er del av eksisterande bustadområde. Området er i kommuneplanen i hovudsak avsett til bustader. For å kunne sikre tilstrekkeleg areal for tilrettelegging av trygg skuleveg har ein utvida planområde til å omfatte meir areal i nord og sør. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Planarbeidet sitt føremål
Føremålet med planen er å fortette med nye bustader innanfor planområdet, då hovudsakleg på gnr. 13 bnr. 157, 158 og på gnr. 13 bnr. 159 og 241. Ein ser for seg ein miks av ulike bustadtypar som einebustader, fleirmannsbustader og leilegheitsbygg. Det vil også bli lagt til rette for leike- og uteopphaldsareal. Ein skal ikkje gjere noko med dei eksisterande bustadene som er tatt med innanfor planområdet, desse skal behaldast slik dei er i dag. Ein har vore nøydd å ta med meir areal enn berre dei tomtane det skal byggjast på for å sikre tilkomst til desse, både for køyrande og gåande.

Føremålet med utvidinga er å legge til rette for mjuke trafikkantar i Lonevåg sentrum. Det er ynskjeleg å etablere ein miljøprioritert gjennomfartsveg i Gjerstadvegen med innsnevra køyrebane, einsidig fortau og redusert fartsgrense.

Merknader til varsel om oppstart
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon finn ein på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
c/o Damsgårdsveien 135,

5160 Laksevåg
E-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøy kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt til Osterøy kommune saman med planforslaget. Merknadar som har vorte sendt inn tidlegare vert teken med vidare, og treng ikkje sendast inn på nytt. 

Varslinga av utvidinga ligg òg på Osterøy kommune si heimeside, og på Ard arealplan as si nettside.

Merknadsfrist
Frist for merknader er sett til 22.09.2023. Fristen er 3 veker i samsvar med lovpålagte krav.

Vidare saksgang
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeid. Forslaget vert deretter sendt til Osterøy kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere høve til å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

22. september 2023
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Skautakleiv

Frist:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for […]
Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Frist:

22. februar 2022

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]
Utvidet planavgrensning_Lygra

Frist:

7. oktober 2022

Utvidelse av Detaljregulering for Lygren Indre

BEGRENSET VARSLING Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren […]
Fjellanger næringspark plankart kunngjering

Frist:

15. oktober 2023

Fjellanger næringspark, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Fjellanger næringspark, […]

Publisert