Publisert:

Frist er satt til:

11. august 2023

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense for Stølsmarka, gnr. 137, bnr. 693, mfl. i Alver kommune med planID: 1263201607. Opphavleg plangrense vart varsla i september 2016.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Forslagsstillar og konsulent:
Nordhordland Bibelsenter er forslagsstillar. Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:

Planområdet ligg på Alverflaten i den nordlege delen av bustadområda. Området ligg om lag 4 km frå kommunesenteret Knarvik. Planområdet inneheldt i dag skule, barnehage, samt eit grøntområde med skog i sørleg del.

Føremål ved utvidinga:

Etter avtale med Vestland fylkeskommune er det trong for å sjå på kryssutforminga for å leggje til rette for framtidig gang- og sykkelareal.

Merknader til varsel om utviding:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den pågåande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

     Ard arealplan as
     Damsgårdsveien 135
     5160 Laksevåg

Eller via e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader/innspel til Alver kommune. Alle mottatte innspel/merknader vil verte sendt Alver kommune saman med planforslaget. Innspel/merknader motteke ved varsling om planoppstart i 2016 og offentleg ettersyn i 2019 vert alle teke med vidare i planprosessen.

Merknadsfrist:
Frist for å komme med merknader/uttale er sett til 11 august 2023 (seks veker pga. ferietid). Grunna ferie er vi ikkje tilgjengeleg i juli, og telefon og e-post vil ikkje svarast i denne perioden.

Videre prosess:
Etter at merknadsfristen er ute vil revidert forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslag vert sendt Alver kommune for sakshandsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

11. august 2023
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Lambhusbegen

Frist:

16. januar 2023

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, […]
Skautakleiv

Frist:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for […]
Varslingskart Akkjerhaugen

Frist:

12. mai 2022

Akkjerhaugen

NY VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 […]
Reguleringsendring Sætveit

Frist:

7. april 2022

Sætveit

Endring av gjeldande reguleringsplan Sætveit del av gnr. 332 bnr. 176 etter forenkla prosess. På […]

Publisert

Tags: