VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN
I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla om detaljregulering for sjøområde, samt landareal ved RAN seglbåthamn, gnr. 37 bnr.E2, 66 m. fl. – Anglavika, i Øygarden kommune sak 20/2003.
I prosessen fram til offentleg ettersyn er det kome krav om å at planforslaget må ta med areal til veg og fortau. Hensikta er å regulere landareal innanfor ny plangrense i samsvar med dagens bruk. Veg og fortau er tatt med for å sikre moglegheit for å tilretteleggje desse i framtida.
Berre direkte rørte partar i tillegg til offentleg mynde vert varsla.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
RAN seilforening er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulentar for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet er på ca. 56,8 daa og er i kommuneplanen avsett til idrettsanlegg på land og til småbåthamn i sjø.
I gjeldande plan er det nytta omgrep som ikkje høver for den bruken arealet har i dag. Det gjeld mellom anna at RAN-hytta er sett til fritidsbustad, og arealet rundt lagshuset er sett til hytter/ naust. Med godkjent reguleringsplan vil føremålet vere idrettsføremål og arealet rundt RAN-hytta vil vere grøntareal.
Det er også i gjeldandre plan RAN seglbåthamn (37) planID 19920003 regulert inn tunnel. Denne er aldri realisert og takast no ut av planen.
Hensikta med planendringane er at areala skal vere i samsvar med faktisk bruk.
Aust for planområdet går kommunen sin hovudavlaupsleidning ut til Hjeltefjorden – noko ein tek omsyn til.
Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. I samband med reguleringsarbeidet er det utført registreringar under vatn om dei ulike tilhøva i hamnen.
Planen sitt føremål frå start av planarbeidet og fram til godkjent plan vil vere:
- Sikre hamna til idrettslaget RAN seilforening då erfaring syner at anlegget i dag ikkje toler belastninga ved kraftig vind frå nord, og bylgjer frå skipstrafikken i hovudlei inn til Bergen.
- Framtidig endring i klima er venta å forsterka effekten i punkt 1.
- Utvide anlegget for å kunne arrangere større nasjonale og internasjonale meisterskap.
- Regulere området til idrett
- Betre tilrettelegging for allmenn bruk med universell utforming ved å ta med vegareal fram til anlegget. Veg og fortau er tatt med etter krav frå kommunen.
Meir informasjon kan du få ved å sjå på nettsida : www.ardarealplan.no eller tlf. 55 31 95 00. Ytterlegare informasjon om tiltaka ligg også på sida til www.ranseil.no.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
c/o Spaces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument – også dei til varslinga i 2019 følgjer plansaka vidare, og alle merknader og andre innspel vil verte sendt Øygarden kommune saman med planforslaget.
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.