Dalekletten

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Dalekletten, gnr. 35, bnr. 277 m.fl., Toftøy i Øygarden kommune
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Tore Garlid er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Toftøy mellom Fv. 225 i vest og Fv. 561 Toftøyvegen i aust om lag 1,5 km sør for Torsteinsvik. I planområdet er det spreidde bustader i nord, medan i sør er det grøne områder samt krysset mellom Fv. 225 og Fv. 561. I nord og aust grensar området til grøne områder, medan i sør og vest grensar området til spreidd busetnad.

Planområdet er i kommuneplanens arealdel sett av til bustadføremål med gjennomføringssone for felles planlegging (H810_5). Eit mindre område i nord som er vist i kommuneplanen som gjennomføringssone er ikkje tenkt regulert. Her vil ein heller nytte høgdedraget i nord som ei naturleg avgrensing av planområdet. Plangrensa vart handsama i Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 12.01.2017. Det meste av planområdet er ikkje regulert, men deler av planområdet langs Fv. 225 ligg innanfor reguleringsplan for Toftøy skule, med planid 20000002, og deler av planområdet langs Fv. 561 ligg innanfor planid 19970001. I sør grensar planområdet mot reguleringsplan for Vasskarbrekka – Vik med planid 20100006.

Det vart heldt informasjonsmøte for naboar 1. februar 2017. Informasjonsmøtet vart heldt av Ard arealplan as og representantar frå Øygarden kommune.

Planarbeidet sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bustadar. Ein ser føre seg konsentrerte bustadar, gjerne med mindre bueiningar, noko som vil gje eit samansett og variert bustadområde saman med eksisterande bustadar. Planen legg opp til å ruste opp krysset mellom Fv. 225 og Fv. 561. Her er det tenkt å legge inn eit venstresvingfelt som avkøyrsle til Fv. 225. Vidare er det tenkt å regulere inn ein snuplass og haldeplass for buss ved krysset for å erstatte busstoppa som ligg i 80-sona før krysset.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øygarden kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Øygarden kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 1. april 2017.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut