Publisert:

Frist er satt til:

1. januar 1970

Straume næringspark

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring i deler av reguleringsplan for Straume næringspark, med plan ID 1246_20010004, i Fjell kommune.Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan følg i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som ikkje har nemneverdig betyding for nokon av dei råka partane eller interessene. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for dei aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent:
Parken bygg AS v/Sotra bil, Trekantbygget eigedom as v/Jostein Nessen og Straume Næringspark AS er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Merknader til den mindre endringa/reguleringsendringa:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast til Ard arealplan as, Nygårdsgaten 114, 5008 Bergen eller på e-post til

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vert sendt Fjell kommune saman med framlegg til endring.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 22.09.2017.

Vidare saksgong:
Dersom planen kan gjennomførast som ein mindre endring vert forslaget til mindre endring sendt til Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkas av vedtaket.

Dersom planen må tas som ein reguleringsendring vil forslag til reguleringsplan verte sendt Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Frist:

22. februar 2022

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]
Skautakleiv

Frist:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for […]
Varslingskart Austmarka Sør-Solstrand

Frist:

30. september 2022

Austmarka Sør-Solstrand

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Varselkart Bjørnsons gate, næringsbygg

Frist:

20. desember 2021

Bjørnsons gate, næringsbygg

KlimagassberegningerI henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Årstad, […]