Publisert:

Frist er satt til:

22. februar 2022

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for Nilsvikhaugane aust gnr. 50 bnr. 673 m.fl. – N. Bjorøyna i Øygarden kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Bjorøy utvikling AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg ved Nilsvikhaugane nord på Bjorøyna og omfattar i hovudsak arealet innanfor reguleringsplan, 241 RP Bjorøy, gbnr. 50/11,502 N. Bjorøyna (planid:124620070049). Den sørlege delen av planområdet er i dag ubygd, med unntak av tilkomstvegen inn i området. Naturlandskapet der består hovudsakeleg av små høgder med vegetasjon av småskog/treklynger, myrflater og opne gras-/lyngområde. Den nordlege delen av planområdet er under utbygging. Her skal det etablerast bustader. Ein har også inkludert eit strekk av fylkesvegen i planområdet. Dette er gjort for å regulere fortau, evt. gang- og sykkelveg langs fylkesvegen.

I gjeldande reguleringsplan for området, 241 RP Bjorøy, gbnr. 50/11,502 N. Bjorøyna (planid:124620070049) er område A1 regulert til senior-/omsorgsbustader, A2 er regulert til barnehage (bygg), A3 regulert til barnehage (leikeområde), og A4 til service.

Reguleringsplanen sitt formål:
Sidan gjeldande reguleringsplan for området vart vedteken i 2009 er det ein del forhold som har endra seg. Innanfor området A1 som var avsett til omsorgsbustader/ seniorbustader er ein no i gong med å bygge bustader. Grunna dette er det såleis ikkje lenger behov for servicebygget innanfor A4. Når det gjeld områda A2 og A3 som var avsett til barnehage er dette ikkje lenger aktuelt då det har vorte etablert ein barnehage lenger sør på Bjorøy istadenfor.

Hovudintensjonen med planforslaget er å oppheve gjeldande plan, og utarbeide ny plan i samsvar med gjeldande plan- og bygningslov, samt få rydda opp i planen og tilgrensande plan ift. formål som ikkje lenger er aktuelle. I den nye planen skal arealformåla også omregulerast slik at ein i sørleg del innanfor A3 og A4 kan etablere daglegvarebutikk, og eventuelt noko tenesteyting i form av frisør, treningssenter eller liknande, samt parkering. Det vil også bli sett på moglegheit for å tilrettelegge for ladestasjonar for elbil og innfartsparkering der. Område A1, A2, samt friområde F1 og F2 vil bli omgjort til bustadformål med tilhøyrande uteareal. Det vil også blir regulert gang- og sykkelvegen frå avkøyrsla til planområdet og sørover fram til avkøyrsel til Fløsteinspollen.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon er å finne på nettsida til www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast elektronisk eller skriftleg til:

Ard arealplan as
c/o Spaces Media City
Lars Hilles gate 30
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil sendast Øygarden kommune saman med planforslaget når det er ferdig utarbeidd.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 22.02.2022.

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

22. februar 2022
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart Tellnes næringspark

Frist:

3. august 2022

Detaljregulering for Tellnes næringspark

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Varselkart Molløesmauet

Frist:

29. april 2022

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]
Varselkart Børøy

Frist:

22. februar 2022

Børøy

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]
Lambhusbegen

Frist:

16. januar 2023

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, […]