Publisert:

Frist er satt til:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for Skautakleiva – Klokkarvik, Gbnr. 105/130, 105/289 mfl. – Sund Prestegard, i Øygarden kommune. Plan-ID: 20220009 og saks nr. (22/6569).

Reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande reguleringsføresegn og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Forslagsstillar og konsulent

B Telle Eigedom AS er forslagsstillar. Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet
Planområdet ligg i Øygarden kommune, og er lokalisert i tettstaden Klokkarvik i Sund området.

I kommuneplanen er arealet regulert til bustad, friområde, idrettsanlegg og grav- og urnelund. Nordsjøløypa går gjennom planområdet. Planområdet ligg like i nærleiken av Sund prestegard og ikkje langt frå Klokkarvik ferjekai. Friområdet, Idrettsanlegg og Grav- og urnelund skal vidareførast i reguleringsplanen.

I nord grensar planen til pågåande detaljregulering for bustadområde Klokkarvik gbnr. 105/10 m.fl. -Sund Prestegård, PlanID: 20200006. Eit sentralt tema i planprosessen blir trygg tilkomst for mjuke trafikantar frå planområdet og ned til fylkesveg og næraste kollektivhaldeplass. Val av planavgrensing skal sikra areal for dette.

Vest i planavgrensinga, på arealet som er regulert til bustad i KPA, ligg friområdet Sundskogen (ID FK00028086). Friområdet er registrert som eit svært viktig nærturterreng, og grensar til det statlege sikra friluftsområdet Sundskogen (ID FS00002322) og det svært viktige friluftsområde Veten (ID FK00028102). Delar av Nordsjøløypa går gjennom planområdet.

Elles ligg planområdet innanfor fem eldre reguleringsplanar:

  1. Reguleringsplan for område ved Sund Prestegard (PlanID: 4626_ 124520110008)
  2. Reguleringsplan for Klokkarvik III, 2 byggesteg (PlanID: 4626_124519888001)
  3. Reguleringsplan for gravplass mm – Klokkarvik (PlanID: 4626_ 124519860002)
  4. Reguleringsplan for Klokkarvik III, Inngjerdsvegen (PlanID: 4626_124519850002)
  5. Deler av vegen til reguleringsplan for over del av gnr. 5 bnr. 1 – Klokkarvik I (PlanID: 4626_124519700001)

Storleiken på planområdet er på ca. 106,0 daa.

Planarbeidet sitt føremål
Intensjonen med planforslaget er ei ny detaljregulering for området. Følgjande planer vert varsla oppheva:

  1. Reguleringsplan for område ved Sund Prestegard (Plan-ID: 1245_20110008)
  2. Reguleringsplan for Klokkarvik III, 2 byggesteg (Plan-ID: 4626_124519888001)

Dei resterande planane blir varsla delvis erstatta:

  1. Reguleringsplan for gravplass mm – Klokkarvik (PlanID: 4626_ 124519860002)
  2. Reguleringsplan for Klokkarvik III, Inngjerdsvegen (PlanID: 4626_124519850002)
  3. Deler av vegen til reguleringsplan for over del av gnr. 5 bnr. 1 – Klokkarvik I (PlanID: 4626_124519700001)

Føremålet er å leggje til rette for ca. 40 bueiningar i form av eine-, tomannsbustader og rekkehus.

Planforslaget vil legge til rette for ny veg som koplar seg på den eksisterande tilkomstvegen Prestegardsskogen. I planarbeidet vil det leggjast vekt på terrengtilpassing og trygg tilkomst for mjuke trafikantar, og det vil takast omsyn til friluftsområde.

Planarbeidet løyser ikkje ut krav om KU jf. Forskrifta om konsekvensutgreiing.

Merknader til varsel om oppstart
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir informasjon finn ein på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
E-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Øygarden kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt til Øygarden kommune saman med planforslaget.

Oppstartsmeldinga ligg òg på Øygarden kommune si heimeside med følgjande lenke: https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/innsyn-og-naring/kunngjeringar-oghoyringar/, og på Ard arealplan as si nettside.

Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 28.03.2023. Fristen er 3 veker i samsvar med lovpålagte krav.

Videre saksgang
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeid. Forslaget vert deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter førstegongs handsaming vert planen lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere høve til å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

28. mars 2023
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Frist:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering […]

Frist:

30. september 2022

Austmarka Sør-Solstrand

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]

Frist:

31. desember 2022

Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering […]

Frist:

7. oktober 2022

Utvidelse av Detaljregulering for Lygren Indre

BEGRENSET VARSLING Det vises til varsel om oppstart for reguleringsplanarbeid i januar 2022 for Lygren […]