Publisert:

Søvikdalen

Reguleringsplanen for Søvikdalen vart vedteke av bystyret i Bergen 27.10.2021. 

Planen er utarbeidd av Ard Arealplan på vegne av ABChus.

Planen legg til rette for etablering av bustadbygg med inntil åtte bueiningar. I dag består område av ubygd areal ved Steinsviken, like ved Nordåsvatnet i Ytrebygda bydel. Området grensar til eksisterande busetnad, infrastruktur og grøntareal.

Bueiningane føreslåast fordelt på ulike bygg, anten som tomannsbustad eller rekkehus. Den planlagde busetnaden ynskjer å tilføre gode kvalitetar til området, i form av materialval, energiløysingar, bumiljø og eit moderne fasadeuttrykk.

Tilkomsten skjer via eksisterande veg Fv179 Steinsvikvegen, via den kommunale vegen Søvikdalen. Frå Søvikdalen planleggast det en ny avkøyrsel inn på planområdet. Forslaget legger opp til parkering for bil og sykkel. 

Fleire referanser

Galteråsen næringsområde

Galteråsen næringsområde med arealplan ID 46312021002 vart vedteken av Alver kommunestyre 22.06.2023. Planframlegget legg til rette for etablering av nytt…

Ard på besøk i nye lokaler

Ard arealplan flyttar til innovasjonsdistriktet i Bergen

Frå mai 2026 flyttar Ard arealplan inn i nye lokale i innovasjonsdistriktet i Bergen. Det markerer ikkje berre ei ny…

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense for Stølsmarka, gnr. 137, bnr.…

Plankart til reguleringsplan

Fagerdal Lager

Reguleringsplanen for Fagerdal Lager vart vedteke av bystyret i Bergen 31.01.2024.