Publisert:

Fagerdal Lager

Nasjonal arealplan id: 70350000

Reguleringsplanen for Fagerdal Lager vart vedteke av bystyret i Bergen 31.01.2024.  

Planen er utarbeidd av Ard arealplan i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide AS, på vegne av Fagerdalen 4 AS.  

Planområdet ligg i Bergenhus bydel, om lag 7 km frå Bergen sentrum, med ein køyretid på rundt 15 minutt. Forslagsstillar ønskjer å transformere området ved å rive eksisterande bygningsmasse, som er utdatert og saneringsmoden, og oppføre eit nytt bygg. Det føreslåtte formålet er i hovudsak lager og forretning med tilhøyrande kontor og utstillingsrom, og den eksisterande arealkrevjande handelsverksemda i området skal vidareførast. 

Den planlagde bygningsmassen vil ha høg arkitektonisk kvalitet og bidra positivt til omgjevnadene. Det er planlagt å nytte miljøvenlege byggemateriale for å redusere CO₂-utslepp frå bygge- og anleggsbransjen. Bygget vil bli tilpassa terreng og eksisterande bygg, slik at sol- og utsiktsforhold for naboar ikkje vert påverka. 

Forslagsstillar har høge ambisjonar for bygget og har som mål at det minst skal sertifiserast som «Very Good» i samsvar med BREEAM NOR miljøstandard. Bruk av solcellepanel til elektrisk oppvarming og miljøvenlege materialval vil bidra til dette. 

Fleire referanser

Galteråsen næringsområde

Galteråsen næringsområde med arealplan ID 46312021002 vart vedteken av Alver kommunestyre 22.06.2023.

Østre Hopsvegen

Østre Hopsvegen

Reguleringsplanen for Østre Hopsvegen vart vedteke i Bergen bystyre 24.02.2021.

Plankart Gåsemyr

Gåsemyr

Øygarden kommune vedtok 23.06.2025 endring av detaljreguleringsplan for Gåsemyr.

Nordre Gommershaugen

Nordre Gommershaugen

Reguleringsplanen for Nordre Gommershaugen vart vedteke av bystyret i Bergen 16.06.2021. 

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.