Snekkevikneset

Reguleringsplanen for Snekkevikneset vart vedteke i kommunestyret i Fjell 23.02.17. 
Planområdet har tidlegare vore nytta til fritidsbusetnad men med vegtilkomst, tilgang på offentleg vatn og avlaup samt betra kommunikasjon mot senterområda på Straume, har fleire vald å busette seg i planområdet på heilårsbasis. Intensjonen med planen har såleis vore å regulere planområdet til bustadføremål og etablere nye vegar inn i området. Planen legg opp til bruksendring av ti hytter til bustad. Det vert i tillegg lagt til rette for naust og småbåtanlegg.

Skriv ut