Publisert:

Schweigårdsvei 53-55

Reguleringsplanen for Schweigårdsvei vart vedteke av bystyret i Bergen  29.01.2025. 

Planen er utarbeidd av Ard arealplan i samarbeid med Holon Arkitektur på vegne av Husbyggerens Innkjøpskontor AS. 
 
Planområdet ligg på Minde i Årstad bydel, innan gangavstand til bybanestoppane på Wergeland og ved Brann stadion, i eit etablert bumiljø med einebustader, rekkehus og leilegheitsbygg. 

Planforslaget legg til rette for nye bustader i blokkbebyggelse, med inntil 29 bueiningar fordelt på tre bygg og eit felles uteareal. Gangtilkomst til bustadene er planlagt frå Schweigårds vei, medan parkering er foreslått under nye bygg, med tilkomst frå Bendixens vei. 

Dei planlagde bygga er plassert i samsvar med eksisterande situasjon og omkringliggjande bygg, som ein lineær struktur langs vegar og gater. Private uteopphaldsareal er orienterte mot sørvest, noko som sikrar gode soltilhøve for både bustader og uteareal. 

Det har vore eit sterkt fokus på å skape eit prosjekt som passar godt inn i området, og som tek opp i seg karakteristiske trekk frå eksisterande bygg, kombinert med eit moderne uttrykk. 

Fleire referanser

Plankartet til reguleringsplan.

Kvernslåttvegen 1

Reguleringsplanen for Kvernslåttvegen 1 vart vedteke av bystyret i Bergen 21.06.2023. 

Paradis sentrum BB1

Paradis sentrum BB1

Reguleringsplanen for Paradis sentrum BB1 vart vedteke av bystyret i Bergen 15.12.2021.

Plankart til reguleringsplan

Fagerdal Lager

Reguleringsplanen for Fagerdal Lager vart vedteke av bystyret i Bergen 31.01.2024.  

Galteråsen næringsområde

Galteråsen næringsområde med arealplan ID 46312021002 vart vedteken av Alver kommunestyre 22.06.2023.

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.