Publisert:

Vedlagte Filer:

Timrehaugvegen

Reguleringsplan for Timrehaugvegen.
Vedteken av Hol kommune 22.01.2026.

Planarbeidet er utført av Ard arealplan as på oppdrag frå Timrehaugvegen 2 AS. Reguleringsplanen gjeld ei sentral tomt på Geilo og legg til rette for etablering av ein ny parkeringskjellar under bakken like ved Holms hotell. Tiltaket skal sikre eit betre parkeringstilbod i området. Over parkeringsanlegget er det opna for eit avgrensa tal fritidsbustader, utforma i eit moderne og tradisjonstilpassa uttrykk.

Planområdet ligg mellom Holms hotell og Slaatta skisenter, med gangavstand til Geilo stasjon og sentrum. Terrenget skrår svakt mot sør, og tomta er i dag ubygd.

Planen opnar for ein parkeringskjellar som avlastar dagens situasjon og bidreg til ei meir oversiktleg og funksjonell trafikk- og parkeringsløysing. Overbygget og parkeringsanlegget er avgrensa i omfang og vert etablert i ei skråning for å sikre ei god og diskret vidareutvikling av området.

Planarbeidet følgjer opp føringar i gjeldande kommunedelplan og regionale strategiar. Det er lagt vekt på kompakt utvikling, god terrengtilpassing, styrking av funksjonelle løysingar i sentrale delar av Geilo. Ei omlegging som flyttar bilar bort frå nærområdet vil bidra til betre oversikt og ein meir oversiktleg trafikkstruktur.

Samla sett legg reguleringsplanen til rette for eit moderat og godt tilpassa tiltak som styrkjer infrastrukturen og vidareutviklar Geilo som lokalsenter.

Fleire referanser

Grevlestølen

Grevlestølen

Reguleringsplanen vart vedteken av Voss heradsstyre 16.03.2023.

Kvernslåttvegen 1 illustrasjon

Kvernslåttvegen 1 vedtatt

Kvernslåttvegen 1 med arealplanID 70010000 ble godkjent i bystyret 21.06.2023 i sak 238/23. Planforslaget legger til rette for å etablere…

Galteråsen næringsområde

Galteråsen næringsområde med arealplan ID 46312021002 vart vedteken av Alver kommunestyre 22.06.2023. Planframlegget legg til rette for etablering av nytt…

Plankartet til reguleringsplan.

Kvernslåttvegen 1

Reguleringsplanen for Kvernslåttvegen 1 vart vedteke av bystyret i Bergen 21.06.2023.