Publisert:

Troldhaugvegen

Reguleringspalen for Troldhaugvegen vart vedteken av bystyret i Bergen 19.06.2024. 

Planen er utarbeidd av Ard arealplan i samarbeid med Grung Arkitektur AS, på vegne av T & H Holding AS. 

Planområdet ligg sentralt på Hop i Fana bydel, med gode gang-, sykkel- og kollektivsamband. Det er om lag 1,4 km til Nesttun sentrum, og Bybanestoppet på Hop ligg ca. 850 meter unna. I dag inneheld området ei einebustad, medan nabobygg består av leilegheitsbygg og einebustader. 

Planforslaget legg til rette for fire bueiningar i rekke over to etasjar. Bygget er plassert midt på tomta for å sikre gode uteareal, trygg tilkomst og minst mogleg sjenanse for naboar. Einingane er vestvendte med gode sol- og lystilhøve, og tiltaket påverkar ikkje vesentleg sol- eller utsiktstilhøva for bustader som blir liggande bak nybygget.  

Rekkehusa vil få eit moderne arkitektonisk uttrykk som bind saman den lokale strøkskarakteren, der ein finn ei blanding av moderne, større leilegheitsbygg og mindre, eldre einebustader. 

Fleire referanser

Aspedalen

Aspedalen

Reguleringsplanen for Aspedalen vart vedteken av bystyret i Bergen 24.11.2021.

Nordre Gommershaugen

Nordre Gommershaugen

Reguleringsplanen for Nordre Gommershaugen vart vedteke av bystyret i Bergen 16.06.2021. 

Paradis sentrum BB1

Paradis sentrum BB1

Reguleringsplanen for Paradis sentrum BB1 vart vedteke av bystyret i Bergen 15.12.2021.

Plankart Akkjerhaugen

Akkjerhaugen

Reguleringsplan for Akkjerhaugen vart vedtekne av Ullensvang kommune 01.10.2025.

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.