Publisert:

Skulebakken

Nasjonal arealplanid: 4626_124620190001

Reguleringsplan for Skulebakken vart vedteken av Øygarden kommune 11.02.2026.

Planarbeidet er gjennomført av Ard arealplan as på oppdrag frå Gobo Bygg og Bolig AS. Reguleringsplanen legg til rette for ei varsam og gjennomtenkt vidareutvikling av området med Skulebakken, der omsynet til kulturmiljø og historiske verdiar har vore førande.

Eit sentralt grep i planen er bevaring av det historiske skulebygget, som utgjer ein viktig del av industristaden Knarrevika si historie. Bygget skal vidareførast som eit markant kulturmiljøelement og halde fram med å prege området.

Den tidlegare arbeidarbustaden, som i dag er i dårleg stand, blir riven og erstatta med eit nytt leilegheitsbygg. Det nye bygget skal utformast med materialbruk og arkitektoniske kvalitetar som harmonerer med dei kulturhistoriske omgjevnadene.

Planområdet ligg i etablerte bustadmiljø rundt Skulebakken og Langebakken, med nærleik til skule, kollektivtilbod og lokale servicetilbod. Det blir lagt til rette for nye uteareal og gode gangsamband, slik at området får ei heilskapleg og trygg utforming for framtidige brukarar.

Tiltaka blir gjennomførte med respekt for terreng, omgjevnader og den særmerkte byggjestrukturen som kjenneteiknar Knarrevika. Gjennom ei balansert tilnærming til bevaring og fornying, bidreg valde løysingar til å styrkje identiteten til området og sikre gode bu- og nærmiljøkvalitetar.

Samla sett legg reguleringsplanen til rette for ei tilpassa utvikling av Skulebakken.  Kulturhistoriske verdiar blir tekne vare på samtidig som området blir tilpassa framtidige behov.

Fleire referanser

Plankart til reguleringsplan

Fagerdal Lager

Reguleringsplanen for Fagerdal Lager vart vedteke av bystyret i Bergen 31.01.2024.  

Plankart til reguleringsplan.

Galteråsen Næring

Galteråsen næringsområde vart vedteken av Alver kommunestyre i  22.06.2023. 

Timrehaugvegen

Reguleringsplan for Timrehaugvegen. Vedteken av Hol kommune 22.01.2026.

Plankartet til reguleringsplan.

Feiring VGS

Reguleringsplan for Feiring vidaregåande skule vert vedteken av Eidsvoll kommunestyre 02.11.2021 

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.