Publisert:

Kvernslåttvegen 1

Reguleringsplanen for Kvernslåttvegen 1 vart vedteke av bystyret i Bergen 21.06.2023. 

Planen er utarbeidd for Boligsenteret Prosjektutvikling AS av Ard arealplan AS i samarbeid med Forum Arkitekter AS. 
 
Planområdet ligg sentralt på Råstølen med kort avstand til bybanestoppet på Råstølen og andre viktige målpunkt. Planområdet er ei resttomt i eit etablert fortettingsområde, og bustadprosjektet har som mål å vidareutvikle områdekarakteren. Tiltakshavar ønskjer å leggje til rette for konsentrert lågblokkutbygging med vekt på høg arkitektonisk kvalitet. 

Prosjektet er planlagt med særleg omsyn til områdekarakter, naboar og mjuke trafikantar. Planforslaget legg til rette for 10 leilegheiter i konsentrert lågblokkutbygging, fordelt på to bygg på inntil to etasjar, i tillegg til ein kjellaretasje, knytt saman med ei gangbru. Parkering vil finne stad i eit parkeringsanlegg i kjellaretasjen. Det er planlagt eit felles uteopphaldsareal for bebuarane, skjerma for støy frå veg og med gode kvalitetar. 

Fleire referanser

Stavkirkevegen

Stavkirkevegen

Reguleringsplanen for Stavkirkevegen vart vedteke av bystyret i Bergen 22.06.2022. 

Timrehaugvegen

Reguleringsplan for Timrehaugvegen. Vedteken av Hol kommune 22.01.2026.

Plankart til reguleringsplan

Schweigårdsvei 53-55

Reguleringsplanen for Schweigårdsvei vart vedteke av bystyret i Bergen  29.01.2025. 

Skulebakken

Reguleringsplan for Skulebakken vart vedteken av Øygarden kommune 11.02.2026.

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.