Publisert:

Vedlagte Filer:

Lenke til Ard kart

Lenke til arealplaner.no

Lenke til kommunen

Kårtveit, Fjell kommune

Vedtatt planMindre endring av reguleringsplan for gnr. 21/del av bnr. 100, 142, 143 og 144 Kårtveit. PlanID: 20040011, vart godkjent i Fjell kommune 2/2-2016. Planendringa har gjort det mogleg å bygge ein ny einebustad i tillegg til eksisterande bustad på eigedomen Metevika 9 på Kårtveit i Fjell kommune.

I vedtaket står det mellom anna:

Plan- og utbyggingssjefen er positiv til at det vert søkt om mindre reguleringsendring framfor dispensasjon. På bakgrunn av dette oppnår ein for meir føreseieleg bruk og heilskapleg forvaltning av reguleringsplanen, og unngår ein dispensasjon som utholar reguleringsplanen. Tomta BF2, er den største tomta innanfor planområdet, og har best moglegheit for auka utnytting. Eksisterande einebustad i BF2 ligg heilt vest på tomta, og det er dermed tilstrekkeleg med areal på austsida av tomta til oppføring av ein ny bustad. Det vert tilfredstillande uteopphaldsareal for begge bustadene innanfor BF2. Plan- og utbyggingssjefen nøgd med at det er stilt krav til utbetring av eksisterande avkøyrsle frå fylkesvegen, slik at den vert i samsvar med eksisterande plan. Oppføring av ny bustad innanfor planen utløyser rekkjefølgjekrav knytt til opparbeiding av fortau, noko som vil gjera trafikktryggleiken i bustadfeltet betre. Planområdet ligg i sone 3 i kommuneplanen sin arealdel 2015-2026. Berekningar gjort i søknaden viser at total BYA for planområdet blir 22% med den auka utnyttinga. Auka utnytting er innanfor kravet i kommuneplanen som er maksimal 25 % BYA. Den nye bustaden vert plassert sentralt i eit etablert bustadområde med kort veg til friluftsområde i nord. Planområdet har ikkje ei sentral plassering med omsyn til service- og kollektivtilbod, men ligg innanfor buffersona på 500 meter frå hovudveg Fv210 som er ein av traseane Fjell kommune prioriterer.

Ard arealplan as har stått for planarbeidet, og Dan-Rune Eide har vore tiltakshavar.

Fleire referanser

Børøy, Lygra

Alver kommunestyre vedtok den 19. juni 2025 ein ny detaljreguleringsplan for Børøy på Lygra.  

Timrehaugvegen

Reguleringsplan for Timrehaugvegen. Vedteken av Hol kommune 22.01.2026.

Søvikdalen

Søvikdalen

Reguleringsplanen for Søvikdalen vart vedteke av bystyret i Bergen 27.10.2021. 

Plankart

Gåsemyr

Øygarden kommune vedtok 23.06.2025 endring av detaljreguleringsplan for Gåsemyr.

Kontakt oss!

Vi vil gjerne høyre frå deg!
Du kan nå oss på telefon, e-post eller skjemaet under.