Publisert:

Børøy, Lygra

Nasjonal arealplanid: 46312021008

Alver kommunestyre vedtok den 19. juni 2025 ein ny detaljreguleringsplan for Børøy på Lygra.  

Planarbeidet er utført av Ard arealplan as på oppdrag frå ein privat
forslagsstillar, og hadde oppstart seint i 2021.  

Planområdet er attraktivt plassert på en høgde med gode soltilhøve, fin utsikt og nærleik til turområde og natur, og omfattar eit område på ca. 23 dekar.

Reguleringsplanen opnar for bygging av fem nye fritidsbustadar og regulerer samtidig to eksisterande fritidsbustadar. Maks. utnyttingsgrad for dei nye hyttene er BRA = 150 m2 og byggehøgde maks. 6 meter.

Ny parkeringsplass vert etablert på sørsida av vegen, som vert ein samla parkeringsplass for bebuarane. Herifrå vert det gangtilkomst med sti og trapp til kvar hytte. Denne løysinga gir minst mogleg inngrep i terrenget.

Fleire referanser

Stavkirkevegen

Stavkirkevegen

Reguleringsplanen for Stavkirkevegen vart vedteke av bystyret i Bergen 22.06.2022. 

Kjevikdalen fyllplass

Endringsforslaget vart vedteke av Alver kommunestyre 04.07.2025. 

Grevlestølen

Grevlestølen

Reguleringsplanen vart vedteken av Voss heradsstyre 16.03.2023.

Akkjerhaugen

Reguleringsplan for Akkjerhaugen vart vedtekne av Ullensvang kommune 01.10.2025.