Tjeldstø-Alvøyvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong endring av planID 125920120003, reguleringsplan for Tjeldstø. Endringa omfattar gnr. 52, bnr. 142 m.fl., Øygarden kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Vacuri AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet er på ca. 6,5 daa og ligg på Tjeldstø ved Alvøyvegen, mellom bensinstasjonen (Alvøyvegen 23) og butikken (Jensvardvegen 1-3) ved rundkøyringa. I gjeldande reguleringsplan for Tjeldstø er området regulert til forretning og kontor. Planområdet omfattar eigedomane gnr./bnr.: 52/142, 52/253 og del av 52/136, 52/218.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanarbeidet er å endre føremål i gjeldande plan frå forretning/kontor til bustader eller bustader/forretning. Førebelse vurderingar tyder på at planarbeidet vil sjå på tilrettelegging for om lag 30 bueiningar og/eller forretningslokale i eit bygg med 4 etasjar + parkeringsgarasje. Dette kan endre seg i planprosessen. Planarbeidet vil sjå på moglegheiter for felles avkjørsel med bensinstasjonen frå Alvøyvegen.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 16. oktober 2015.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut