I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Skulebakken, gnr. 40 bnr. 24, 37 m. fl. – Knarrevik, i Fjell kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Gobo Bygg og Bolig as er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg i Knarrevik, like på oppsida av Rv 555 Skjergardsvegen og er del av eksisterande bustadområde.
Området er i kommuneplanen i hovudsak avsett til bustader. Det er fleire usikre grenser i området og ein har difor tatt med eit ekstra stort planområde, slik at ein ikkje treng å varsle utviding av planområdet seinare. Når alle eigedomane i planområdet er oppmålt vil plangrensa bli tilpassa desse og planområdet vil bli redusert i storleik.
Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Planområdet er på ca. 49,2 daa.
Planen sitt føremål:
Føremålet med planen er å auke utnyttinga innanfor planområdet ved å legge til rette for leilegheiter i det gamle skulebygget i Skulebakken 7, samt å leggje til rette for leilegheiter i den tidlegare sjukeheimen i Blåsenborgvegen 20. Når det gjeld den tidlegare sjukeheimen vil det i planarbeidet bli gjort ei vurdering av om det er mest hensiktsmessig å behalde bygget å gjere det om til leilegheiter eller om det er mest hensiktsmessig å rive det og bygge eit nytt leilegheitsbygg. Det vil i planarbeidet også vere fokus på trygg skuleveg og korleis dette kan ivaretakast på best mogleg måte. Ein ser for seg ei løysing med å lage ein gangforbinding frå Skulebakken over tomtane 40/86 og 40/89 til gangveg langs Rv 555 som leier ned til gangvegsystemet langs Fv 209/ Blåsenborgvegen.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Fjell kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Fjell kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist
Frist for merknader er satt til 10. mai 2019
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Fjell kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.