Sartorvegen 8-10

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Sartorvegen 8-10 , gnr. 35, bnr. 281,345 m.fl., i Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Straume Bensin Eigedom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet, i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide AS.

Planområdet:
Planområdet ligg sentralt på Straume i Fjell kommune, ved Sartor senter, og er i gjeldande kommunedelplan for Straume del av senterområde for Straume sentrum. Området er generelt under utvikling frå ein tettstad for biltrafikk og handel, til ein stad med større mangfald og bypreg. Planområdet grensar til Sartor senter i aust, til næringsareal i vest og til grøntareal i nord. I sør grenser planområdet mot areal som er under ombygging til å bli ein del av det nye sentrumsområdet for Straume. Vegareal i Sartorvegen og i fv. 555 er tatt med i varslinga. Ein har varsla breitt mot nord og vest, fordi vegen held på å bli planlagt på nytt, og det enno er noe usikkert korleis vegen vil gå. Planområdet er på omtrent 20,6 daa.

Arealet nyttast i dag til næringsverksemd med mellom anna eit næringsbygg og ein bensinstasjon. Område er i dag relativt lågt utnytta med bygg som har mellom 1 og 3 etasjar, og mykje areal er nytta til overflateparkering.

Avgrensing av planområdet er vist i vedlagt varslingskart.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å regulere arealet til eit kombinert føremål, til dømes bustad i kombinasjon med forretning og kontor. Det skal vera fokus på å utvikle område med eit bypreg og skapa gode areal for mjuke trafikantar. Parkering skal skje under bakken. Ein skal sjå på mulegheit for ny tilkomst til parkeringsanlegg og til varelevering. Enten som ein kombinert løysning, eller som to separate løysningar.

Merknader til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget. Meir informasjon kan du få ved å kontakte Ard arealplan as på tlf. 55 31 95 00.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 20.12.2014.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i komité for plan- og utvikling, vert planframlegget sendt på høyring i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler