I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering for Sætveit hyttefelt II, gnr. 32 bnr. 1,176 m.fl., i Jondal kommune. I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-9 vert forslag til planprogram i samband med reguleringsplan lagt ut til offentleg ettersyn.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Konsekvensutgreiing:
Planarbeidet er vurdert å utløyse krav om planprogram og konsekvensutgreiing jf. plan- og bygningslova §4-1. Vidare skal planomtalen gje ei særskilt vurdering – konsekvensutgreiing – av planen sine verknader for miljø og samfunn jf. plan- og bygningslova § 4-2. Planen kjem inn under Forskrift om konsekvensutgreiing, då ein i planforslaget ynskjer å legge til rette for eit nytt område for fritidsbustader som ikkje er i samsvar med overordna plan, kommuneplanen. Formålet med ei konsekvensutgreiing er å få klarlagt verknaden av tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn for reguleringsplanen. Konsekvensutgreiinga vil bli gjennomført med grunnlag i vedteke planprogram etter føresegnene i plan- og bygningslova.
Tiltakshavar og konsulent:
Brødrene Handegard Eigedom AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg like i underkant av 2 km sørvest for Jondal sentrum ved fylkesveg 107 Belsnesvegen og er på rundt 40 daa. Området ligg i skrånande terreng ned mot fylkesvegen. Planområdet omfattar godkjent plan for Sætveit hyttefelt i sør, men denne planen er ikkje bygd ut enda. Vidare omfattar planområdet ubygde skogsareal i nord og aust. Mot sør grensar planområdet til fritidsbustader og mot vest eit eksisterande bustadområde, Sætveithagen.
Planen sitt formål:
Planområdet grenser i sør til eit område som i kommuneplanen er avsett til fritidsbustader, og til eit område i nord som i kommuneplanen er avsett til bustader. Planområdet vil såleis bli ei naturleg utviding av, og kunne innlemmast i, området for fritidsbustader. Ein ynskjer å nytte planområdet til nye fritidsbustader. Ein ynskjer vidare å sjå på område for den gjeldande planen for Sætveit hyttefelt i sør og dei uregulerte delane av planområdet under eitt slik at ein kan flytte avkøyrselen til området, som er regulert i planen for Sætveit hyttefelt, litt lenger nord og få til ei betre utnytting og leggje til rette for fleire fritidsbustader. Det er i dag få hytter i nærleiken av Jondal sentrum og ein meiner at planområdet vil vere godt egna som nytt hyttefelt.
Merknader til offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeid:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader til offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeid kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er viktig at ein ved innspel og merknader skil mellom merknader til planprogrammet og merknader til varsel om oppstart av planarbeidet. Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Jondal kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Jondal kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 27.04.2018.
Vidare saksgang:
Forslag til planprogram blir sendt på høyring, samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Etter at frist for merknader er gått ut, vil ein i samråd med Jondal kommune vurdera endringar i planprogrammet med bakgrunn i innkomne merknader. Endeleg planprogram skal fastsettast av kommunen. Etter at planprogrammet er fastsett, vil ein starte utarbeiding av reguleringsplanen med tilhøyrande konsekvensutgreiing. Forslag til reguleringsplanen med konsekvensutgreiing vert deretter sendt Jondal kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.