Sætreviki

På vegne av tiltakshavar Sprengsneset Fritidspark AS vil Ard arealplan as med dette varsle om mindre endring, evt. reguleringsendring av planid 20060003 Sætreviki hyttefelt. Gjennomgang av merknader etter høyring vil avgjere om det vert ei mindre endring eller reguleringsendring.

Tiltakshavar ynskjer å få utvida småbåtanlegget som ligg i planen slik at det kan leggjast til rette for fleire båtplassar.

Gjeldande plan for området planid: 20060003 er allereie utbygd. Etter utbygginga har ein sett at det er behov for fleire båtplassar i nærområdet og ein ynskjer såleis å utvide området for småbåtanlegg.

Endringa ein ynskjer å gjere går ut på å auke arealet for småbåtanlegg slik at det kan leggjast til rette for fleire båtplassar. Dette vil føre til følgjande endringar:

Planklart
Det vert utarbeida nytt plankart der området for småbåtanlegg, S1, er utvida til å omfatte heile arealet i sjø. Grunna at det vert lagt til rette for ein god del fleire båtplassar vil reguleringa småbåthamn verte nytta for området i sjø istadenfor småbåtanlegg.

Føresegner
§3 Områder for privat småbåtanlegg: Her vert det endra frå at det kan anlegges flytebrygger for inntil 50 båtplasser til at det kan anlegges flytebrygger for inntil 106 båtplasser. Føremålet småbåtanlegg vert også som nemnd bytta ut med småbåthamn.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som gjeld løysingar eller særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 22.02.17.

Skriv ut