I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Lonaneset, bustad, gnr. 13 bnr. 157,158,159,241 m. fl. – Lonevåg, i Osterøy kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.
Tiltakshavar og konsulent:
Norgeshus Mjelde Bygg A/S og Stiftinga Nesjatun er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.
Planområdet:
Planområdet ligg på eit høgdedrag i Lonevåg med tilkomst frå vegen Lonaneset og er del av eksisterande bustadområde.
Området er i kommuneplanen i hovudsak avsett til bustader. For å kunne sikre tilstrekkeleg med areal i samband med tilrettelegging for trygg skuleveg har ein teke med eit ekstra stort planområde, slik at ein ikkje treng å varsle utviding av planområdet seinare. Når ein har landa løysingar i samband med dette vil planområdet bli redusert i storleik. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing. Planområdet er på ca. 63,2 daa.
Planen sitt føremål:
Føremålet med planen er å fortette med nye bustader innanfor planområdet, då hovudsakleg på gnr. 13 bnr. 157, 158 og på gnr. 13 bnr. 159 og 241. Ein ser for seg ein miks av ulike bustadtypar som einebustader, fleirmannsbustader og leilegheitsbygg. Det vil også bli lagt til rette for leike- og uteopphaldsareal. Ein skal ikkje gjere noko med dei eksisterande bustadene som er tatt med innanfor planområdet, desse skal behaldast slik dei er i dag. Ein har vore nøydd å ta med meir areal enn berre dei tomtane det skal byggjast på for å sikre tilkomst til desse, både for køyrande og gåande.
Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Meir info kan sjåast på nettsida til www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Osterøy kommune. Alle mottatte dokument, merknader og andre innspel vil verte sendt Osterøy kommune saman med planforslaget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 18.06.2019
Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Osterøy kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.