Kvernatunvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Kvernatunvegen, gnr. 27, bnr. 167, m. fl. – Ågotnes, i Fjell kommune.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
TB Invest AS m.fl. er tiltakshavar.
Ard arealplan as og Arkitekt Rolv Eide AS er konsulentar for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Ågotnes i Fjell kommune, om lag 12 km nordvest for Straume. Området grensar til industri og næring i vest og nord, til Fv 561 i sør og til grøntområde og eit bu- og aktivitetssenter for eldre hjelpetrengande i aust, Kvednatunet. Området er i kommunedelplan for Ågotnes planid: 20070034 avsett til kombinert busetnad og anleggsføremål, KB2. I området er det opna for næring, offentleg eller privat tenesteyting og bustad. Utvikling av området skal sjåast i samanheng med og planleggjast med omsyn til eksisterande tenesteyting på Kvednatunet. Det er vurdert konsekvensutgreiing av planområdet men det er i samråd med kommunen konkludert med at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrifta. Planområdet er på 30,964 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å vidareføre næringen som ein finn innanfor planområdet, samt legge til rette for ny næringsverksemd. Ein ynskjer også å leggje til rette for bustader i den nordaustlege delen av planområdet.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 19.06.2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut