Publisert:

Frist er satt til:

6. januar 2020

Huldraspelet

VARSEL OM ENDRING ETTER FORENKLA PROSESS FOR PLANID 20070016
HULDRASPELET, GNR/BNR 57/5,21 M.FL., MIDTRE FJELL, FJELL KOMMUNE

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om endring etter forenkla prosess for planid 20070016, Huldraspelet, Gnr. 57 Bnr. 5,21 m.fl. Midtre fjell.

Føremålet med endringa er å endre § 5.4.1 i føresegnene slik at ein har moglegheit til å bygge bustader med flate tak.

Reguleringsplan og endring etter forenkla prosess
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Endring etter forenkla prosess fylgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Ei endring kan gjerast etter forenkla prosess dersom endringa i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råke omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Ved endring etter forenkla prosess skal saken leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent
På vegne av tiltakshavar B Telle Eigedom AS vil Ard arealplan as varsle endring etter forenkla prosess for
planid 20070016, Huldraspelet, Gnr. 57 Bnr. 5,21 m.fl. Midtre fjell.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen.
Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 6.januar 2020.

Vidare saksgong:
Etter at merknadsfristen har gått ut vert endringsforslaget sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

6. januar 2020
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Frist:

13. mai 2022

Jacob Kjødes veg/Mosebakken

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]

Frist:

11. august 2023

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense […]

Frist:

16. januar 2023

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, […]

Frist:

27. august 2023

Rollandslia bofellesskap, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Åsane, Gnr. […]