Furhovden

NY VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLANARBEID

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det på nytt skal setjast i gong detaljregulering for Furhovden, gnr. 144 bnr. 1 mfl., i Alver kommune. Førre varsling var i 2010.

Bakgrunnen for at planarbeidet stoppa opp i si tid, var at ein venta på godkjenning av Statens vegvesen si vegplan for fylkesvegen. Tidlegare innsendte merknadar frå 2010 vert tatt med inn i det vidare planarbeidet.

Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent: 
Villanger & Sønner AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for planarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg i Kvamsvågen, like på vestsida av Skarsvegen og er kopla til det eksisterande bustadområdet Furhovden/Kvamsvåg i nord, aust og sør og til sjø i vest. Planområdet er i dag delvis utbygd og inneheld i hovudsak einebustader. Eksisterande tilkomstvegar vil endrast i samsvar med gjeldande reguleringsplan for FV404 med planid 1263-201112. Planområdet er på ca. 20 daa og er i kommuneplanen avsett til bustader og er i gjeldande plan delvis regulert til vegareal og tilknytta føremål. Det er vurdert at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrift om konsekvensutgreiing.

Planen sitt føremål:
Ein ynskjer å byggje ut området med bustader og det må difor lagast ein detaljreguleringsplan. Ein ynskjer i planframlegget å leggje til rette for mellom 5-10 bustader. I hovudsak er det ynskje om frittliggjande bustader som eine- og tomannsbustader. Eit planarbeid vart gjennomført med varsla planoppstart i 2010. Vårt planframlegg for Furhovden var klar for innsending i 2011. Vi vart då rådd til av dåverande Lindås kommune å vente på at planen for vegen forbi planområdet vart ferdig planlagt og godkjent. Reguleringsplanen for FV 404 vart endeleg godkjent i 2016.

Merknader til varsel om oppstart:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planen sine løysingar eller som gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post: post@ardarealplan.no

Tidlegare innsendte innspel og merknader vil fylgje saka videre.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Alver kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil sendast Alver kommune saman med planforslaget når det er ferdig utarbeidd.

Merknadsfrist
Frist for merknader er sett til 22. november 2020

Vidare saksgang:
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt Alver kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil da verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut