Publisert:

Frist er satt til:

5. mai 2020

Forland-Marsteinen hotell

VARSEL OM ENDRING ETTER FORENKLA PROSESS FOR PLANID 2005000 GNR 15 BNR 231 OG 254 – FORLAND/ MARSTEINEN HOTELL, ØYGARDEN KOMMUNE

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om endring etter forenkla prosess for planid 20050003,
gnr. 15 bnr. 231 og 254 – Forland/ Marsteinen hotell

Reguleringsplan og endring etter forenkla prosess
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Endring etter forenkla prosess fylgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Ei endring kan gjerast etter forenkla prosess dersom endringa i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råke omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Ved endring etter forenkla prosess skal saken leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.

Tiltakshavar og konsulent
På vegne av tiltakshavar Bergen Boligutvikling AS vil Ard arealplan as varsle endring etter forenkla prosess for planid 20050003,
gnr. 15 bnr. 231 og 254 – Forland/ Marsteinen hotell.

Endringa som ynskjast gjort
Føremålet med endringa er å bytte om på plassering på ei hyttetomt og delar av leikearealet, endre på byggjegrense innanfor den eine hyttetomta, samt leggje til to nye punkt i føresegnene. Det vil også gjerast merksam på at gnr. i gjeldande plan var 15 men no som det er vorte ny kommune er gnr. endra til 115.

Føresegnene er blitt oppdatert i samsvar med ny mal og har såleis fått eit anna oppsett og utsjånad enn dei gjeldande føresegnene. Grunna den nye malen vil føresegnene kome i litt annan rekkjefølgje enn tidlegare. Det er også i dei oppdaterte føresegnene lagt til to nye punkt, pkt. 3.3 som set rekkjefølgjekrav til opparbeiding av leikeplassen F11, og pkt. 7.1.2  som omhandlar gangforbinding i friområde langs austsida av F8.

Merknadar til endringsforslaget
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen.

Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med endringsforslaget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 5. mai 2020.

Vidare saksgong:
Etter at merknadsfristen har gått ut vert endringsforslaget sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

5. mai 2020
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Frist:

11. august 2023

Utviding av planområde for Stølsmarka

I medhald av plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det varsla om utvida plangrense […]
Endring nr.2 av detaljregulering for gbnr. 50/3 m.fl. – N. Bjorøyna

Frist:

24. mars 2023

Endring nr.2 av detaljregulering for gbnr. 50/3 m.fl. – N. Bjorøyna

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14 andre ledd, varslar vi om endring […]
Lonaneset bustad

Frist:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering […]
Varselkart Bjørnsons gate, næringsbygg

Frist:

20. desember 2021

Bjørnsons gate, næringsbygg

KlimagassberegningerI henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Årstad, […]