Publisert:

Frist er satt til:

1. januar 1970

Angeltveitvegen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Angeltveitvegen, gnr. 23, bnr. 6, m. fl. – Angeltveit, Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Einar Angeltveit er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Angeltveit i Fjell kommune, om lag 13 km nordvest for Straume. Området grensar til bustader i sør, aust og nord, og jordbruksareal i vest. Området er i kommuneplan for Fjell avsett til bustadføremål. Det er vurdert konsekvensutgreiing av planområdet men det er i samråd med kommunen konkludert med at planen ikkje fell under vilkåra etter forskrifta. Planområdet er på ca. 20 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for nye bustader i planområdet. Omsyn til kulturlandskapet og eksisterande bustadstruktur vil verte vektlagt i planarbeidet, men tilpassa overordna planar. Intensjonen er å i hovudsak leggje til rette for rekkehus, men andre bustadtyper vil vurderast nærare i arbeidet med planen. Førebelse vurderingar tyder på at planen vil leggje til rette for om lag 30-40 nye bustader.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 25. september 2015.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Varselkart Bjørnsons gate, næringsbygg

Frist:

20. desember 2021

Bjørnsons gate, næringsbygg

KlimagassberegningerI henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Årstad, […]
Varslingskart Tellnes næringspark

Frist:

3. august 2022

Detaljregulering for Tellnes næringspark

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Planavgrensning Nilsvikhaugane aust

Frist:

22. februar 2022

Nilsvikhaugane aust

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert […]
Lonaneset bustad

Frist:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering […]