Varsel om mindre endring eller reguleringsendring av del av plan-ID 20060038 Angeltveit vest, gnr. 23, bnr. 4, 6 m.fl., Fjell kommune
I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-14, varslar vi om at vi vil sende inn søknad om mindre endring eller reguleringsendring for del av planid 20060038, Angeltveit vest gnr. 23 bnr. 4, 6 m.fl.
Føremålet med endringa er å få utført justeringar i plankart og føresegner for felt T01 og T02 med tilhøyrande områder slik at ein vil få ein busetnad som blir mindre dominerande, fører til mindre terrenginngrep og passar betre inn i området. Endringa legg opp til mindre husvære enn godkjent plan, hus i rekke istadenfor blokkar, som vil gje ein vesentleg lågare busetnad. Endring vil vidare opne for 34 bueining medan gjeldande plan opnar for 30 bueiningar. Storleiken på føremåla i endringsforslaget og gjeldande plan vil i hovudsak vere lik, det er stort sett berre blitt flytta om på arealføremåla. Sidan området for endringa ikkje er bygd ut endå vil ikkje endringane det leggjast opp til ha særskild påverknad for nokon.
Reguleringsplan og mindre endring av reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Mindre endring av reguleringsplan fylgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering, men det er opna for ein enklare prosess. Mindre endringar er endringar som i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå utover hovudrammene i planen, og heller ikkje råkar omsynet til viktige natur- og friluftsområder. Ved mindre endringar skal saken leggjast fram for aktuelle myndigheiter. Vidare skal eigar/festar av direkte råka eigedomar gjevast høve til å uttale seg.
Tiltakshavar og konsulent:
På vegne av tiltakshavar, Eide Gruppen AS, vil Ard arealplan as i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide as med dette varsle om mindre endring, evt. reguleringsendring av deler av planid 20060038 , Angeltveit vest gnr. 23 bnr. 4, 6 m.fl. Gjennomgang av merknader etter høyring vil avgjere om det vert ei mindre endring eller reguleringsendring.
Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader kan sendast skriftleg til:
Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.
Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 18.september 2018.
Vidare saksgong:
Dersom planen kan gjennomførast som ei mindre endring vert forslaget til mindre endring sendt til Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.
Dersom planen må takast som ein reguleringsendring vil forslag til reguleringsplan verte sendt Fjell kommune for sakshandsaming etter at merknadsfristen er gått ut. Etter fyrste gongs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.