Ådnevikvarden

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Ådnevikvarden, gnr. 50, bnr. 1 m.fl., Øygarden kommune.
Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Vacuri AS er tiltakshavar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet er på ca. 34,5 daa og ligg på Tjeldstø, vest for fylkesvegen mellom Ådnevika og Stekken. I gjeldande kommuneplan for Øygarden er området avsett til framtidig bustadområde. Planområdet omfattar eigedomane gnr./bnr.: 50/19 og 50/21, del av 50/1, 51/3 og 51/5.Kommuneplan

Avgrensing av planområdet er vist varslingskart.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanarbeidet er å tilrettelegge for bustader. Det vert i utgangspunktet lagt opp til eine- og tomannsbustader, men det kan òg verte aktuelt å regulere for nokre rekkehus. Det vil i planprosessen verte vurdert om deler av sjøområda i planen skal regulerast for småbåtanlegg.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post: post@ardarealplan.no

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er satt til 16. mars 2015.

Vidare saksgong:
Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Skriv ut