Vedtatt reguleringsplan – Svena fritidsbustader

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtok kommunestyret i Radøy i møte 03.03.2016 reguleringsplan for Svena fritidsbustader.

Rådmannen i Radøy skriv i si innstilling til kommunestyret mellom anna at:

Planområdet for detaljplan for Svena ligg som ein liten del av reguleringsplan for Rossnes, i søraustre hjørnet. Eigedomen er i dag bygt med eit gamalt våningshus som no vert nytta som fritidsbustad og eit naust. Arealet er byggjeområde i eksisterande reguleringsplan og kan utnyttast til fleire fritidsbustader etter gjeldande plan. Eigarane av eigedomen vil endre på plasseringa av tomtane, leggje til 1 hytte og 1 naust samt etablere gangveg til sjø og anlegg for småbåtar. Dette ligg inne i den nye detaljplanen for Svena. Radøy kommune har vore positiv til fortetting av eksisterande hytteområde. Plandokumenta er slik rådmannen vurderer det i tråd med krav satt i plan- og bygningslova. Dokumenta er lesevennlege og gode, kart er levert på rett digital form.

Tiltakshavar har vore Kjell Bjorøy og Ard arealplan har stått for planarbeidet.

 

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler