Landboden, Os kommune

Vedtatt plan

Kommunestyret i Os vedtok områdereguleringsplan for Landboden 16. juni 2015. Planen er utarbeidd av Ard arealplan as i samarbeid med A/STAB as og b+b arkitekter as, for Os kommune og Bøe og Lepsøy Utbygging as.

Planen har til hensikt å utvikle Os sentrum som ein styrka handelsstad med å leggje til rette for fleire sentrumsnære bustader, fleire offentlege sentrumsnære parkeringsplassar, opprustning av infrastruktur og gode og trygge gangvegar. Sentrale tema i planarbeidet har vore kulturminne, flaumfare, dyreliv, grøntområde og trygge gangvegar.

Planforslaget regulerer nye bustadområde for 76 bustadeiningar, i tillegg kjem sentrumsføremål der det er opna for ein kombinasjon av bustader og næring. Planen regulerer òg ny aktivitetshall med kulturlokalar og moglegheiter for offentlege bustader. Elvepromenade er regulert gjennom heile planområdet og sikrar ålmenta tilgang til Oselva.

Skriv ut

Kart og tilleggsfiler