Publisert:

Kvernslåttvegen 1

Reguleringsplanen for Kvernslåttvegen 1 vart vedteke av bystyret i Bergen 21.06.2023. 

Planen er utarbeidd for Boligsenteret Prosjektutvikling AS av Ard arealplan AS i samarbeid med Forum Arkitekter AS. 
 
Planområdet ligg sentralt på Råstølen med kort avstand til bybanestoppet på Råstølen og andre viktige målpunkt. Planområdet er ei resttomt i eit etablert fortettingsområde, og bustadprosjektet har som mål å vidareutvikle områdekarakteren. Tiltakshavar ønskjer å leggje til rette for konsentrert lågblokkutbygging med vekt på høg arkitektonisk kvalitet. 

Prosjektet er planlagt med særleg omsyn til områdekarakter, naboar og mjuke trafikantar. Planforslaget legg til rette for 10 leilegheiter i konsentrert lågblokkutbygging, fordelt på to bygg på inntil to etasjar, i tillegg til ein kjellaretasje, knytt saman med ei gangbru. Parkering vil finne stad i eit parkeringsanlegg i kjellaretasjen. Det er planlagt eit felles uteopphaldsareal for bebuarane, skjerma for støy frå veg og med gode kvalitetar. 

Fleire referanser

Ny dagleg leiar

Ard Arealplan har fått ny dagleg leiar, og vi ønskjer Johannes Sverdrup velkomen! Etter ei periode med innføring i selskapet…

Detaljreguleringsarbeid Vike camping, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Vike camping, gbnr. 219/1 m.fl i Alver…

Kjevikdalen fyllplass

Endringsforslaget vart vedteke av Alver kommunestyre 04.07.2025. 

Søvikdalen

Søvikdalen

Reguleringsplanen for Søvikdalen vart vedteke av bystyret i Bergen 27.10.2021.