Publisert:

Frist er satt til:

5. august 2024

Detaljreguleringsarbeid Vike camping, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Vike camping, gbnr. 219/1 m.fl i Alver kommune. Nasjonal arealplan ID er 4631 2024 003.

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Forslagsstillar og konsulent

Forslagsstillar er Søren Helligsøe. Ard arealplan er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområde

Planområdet er lokalisert ved Viko langs E39 i Alver kommune. Avstanden frå Knarvik er 32 km, og nærmaste sørvistilbod med daglegvarebutikk, skule og barnehage er på Ostereidet, som ligg omtrent 13 km frå Vike camping.

I kommunedelplanen for Lindås 2019-2031 er planområdet regulert til fritids- og turistføremål, bustader og LNFR. Området ligg i følgjande omsyns- og faresoner: Rød- og gul støysone, bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, og ras- og skredfare. Foreslått planområde med avgrensing er registrert som «areal under marin grense».

Planen sitt formål

Plangrensa har ein storleik på ca. 53,6 daa. Føremålet med planen er å legge til rette for langtidsetablerte plasser i form av campingvogner og campinghytter. Einebustaden i området er tenkt vidareført som bustad. Planforslaget ynskjer å legge opp til ca. 33 campingeiningar av ulik type – ca. 15 eksisterande plassar fjernast, ca. 10 eksisterande takast vare på i eksisterande felt og ca. 23 heilt nye campingeiningar innanfor planområdet. Tal på faktiske campingeiningar vil avklarast i løpet av planprosessen. Tilkomst til planområdet vil vere frå E39 og kommunal veg.

Det er ynskjeleg å sjå på moglegheita for å leggja til rette for opparbeiding av ein gangsti over tunnelen i vest som kan vere med å trygge kryssinga av E39, og marina/småbåthamn.

I løpet av planprosessen vil plangrensa kunne minskast dersom ikkje alt areal er naudsynt. Planforslaget er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Merknader til varsel om oppstart

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den komande planprosessen.

I tillegg til dette brevet kunngjerast oppstart av planarbeidet i avisa strilen og på nettsida vår www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysningar eller som gjeld særlege behov kan sendes skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan AS
Damsgårdsveien 135
5160 Laksevåg
E-post: Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Alver kommune. Alle mottekne dokument, merknader og andre innspel vil bli sendt til Alver kommune saman med planforslaget.

Merknadsfrist

Frist for merknadar er sett til 05.08.2024.

Vidare saksgang:

Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt til Alver kommune for sakshandsaming. Etter fyrste gangs handsaming vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte mogleg å kome med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

5. august 2024
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Varslingskart Akkjerhaugen

Frist:

12. mai 2022

Akkjerhaugen

NY VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 […]
Varslingskart Austmarka Sør-Solstrand

Frist:

30. september 2022

Austmarka Sør-Solstrand

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast […]
Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

Frist:

1. januar 1970

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) […]
Varselkart for Lønborg

Frist:

29. august 2024

Detaljregulering for Lønborg, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Bergenhus, Gnr. […]