Publisert:

Fagerdal Lager

Reguleringsplanen for Fagerdal Lager vart vedteke av bystyret i Bergen 31.01.2024.  

Planen er utarbeidd av Ard arealplan i samarbeid med Arkitekt Rolv Eide AS, på vegne av Fagerdalen 4 AS.  

Planområdet ligg i Bergenhus bydel, om lag 7 km frå Bergen sentrum, med ein køyretid på rundt 15 minutt. Forslagsstillar ønskjer å transformere området ved å rive eksisterande bygningsmasse, som er utdatert og saneringsmoden, og oppføre eit nytt bygg. Det føreslåtte formålet er i hovudsak lager og forretning med tilhøyrande kontor og utstillingsrom, og den eksisterande arealkrevjande handelsverksemda i området skal vidareførast. 

Den planlagde bygningsmassen vil ha høg arkitektonisk kvalitet og bidra positivt til omgjevnadene. Det er planlagt å nytte miljøvenlege byggemateriale for å redusere CO₂-utslepp frå bygge- og anleggsbransjen. Bygget vil bli tilpassa terreng og eksisterande bygg, slik at sol- og utsiktsforhold for naboar ikkje vert påverka. 

Forslagsstillar har høge ambisjonar for bygget og har som mål at det minst skal sertifiserast som «Very Good» i samsvar med BREEAM NOR miljøstandard. Bruk av solcellepanel til elektrisk oppvarming og miljøvenlege materialval vil bidra til dette. 

Fleire referanser

Plankart til reguleringsplan

Schweigårdsvei 53-55

Reguleringsplanen for Schweigårdsvei vart vedteke av bystyret i Bergen  29.01.2025. 

Aspedalen

Aspedalen

Reguleringsplanen for Aspedalen vart vedteken av bystyret i Bergen 24.11.2021.

Lonaneset bustad

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering for Lonaneset bustad – Lonevåg,…

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…