Publisert:

Vedtatte reguleringsplanar

Denne veka vart fire av våre reguleringsplanar vedtatt i by- og kommunestyre i tre kommunar i Hordaland.
I Bergen kommune vart reguleringsplan Nattlandveien 16-18 vedtatt i bystyret onsdag 18. februar. Planen legg til rette for fortetting med 17 bustader langs ei av dei viktigaste kollektivårene i Bergen.

I Lindås kommune vart to av våre planar vedtatt i kommunestyret torsdag 19. februar. Bruvoll camping er ein reguleringsplan som stadfestar ein del av campingplassen på Bruvoll sine uteareal, og samtidig opner for bygging av campinghytter og utvida bruk for areala. Reguleringsplanen for Breimyra vart vedtatt i same møte, og denne legg til rette for bygging av 28 bustader i Alvervegen. Desse bustadane vil ligge sentralt i kommune, og planen legg mellom anna opp til store felles uteareal både midt i tomta og på taka.

I Fjell kommunestyre vart reguleringsplanen for Austre Næsset vedtatt på torsdag 19. februar. Denne planen legg til rette for etablering av fem nye eienbustadtomter ved Anglevika på Foldnes.

Utsnitt av alle karta finn du i margen til høgre.

Tilsvarande

Ny dagleg leiar

Ard Arealplan har fått ny dagleg leiar, og vi ønskjer Johannes Sverdrup velkomen! Etter ei periode med innføring i selskapet…

Jubileum i Ard!

Gratulerer Sandra med ny milepæl! Ho er ein trygg og kunnskapsrik kollega, ein verdifull ressurs for både kundar og teamet…

Johannes og Øygarden kommune

Blir det byggjestans på Bjorøy i framtida?

Dette problemet har vi teke opp i Vestnytt 10. desember. For I Øygarden kommune ser vi at dei legg opp…

Ard på besøk i nye lokaler

Ard arealplan flyttar til innovasjonsdistriktet i Bergen

Frå mai 2026 flyttar Ard arealplan inn i nye lokale i innovasjonsdistriktet i Bergen. Det markerer ikkje berre ei ny…