God sommar!

Vi i Ard ønskjer å senda ei lita helsing i ferien.

Både 2022 og 2023 har gått over all forventing, og me held fram i same bane i 2024. Vi kjenner oss privilegerte som kan halda fram i same tempo, sjølv om mykje anna i samfunnet ikkje går like bra økonomisk.

Ard har per dags dato 5 tilsette, og vi held trykket oppe som før. Staben vår utvidast, og samansetninga er veldig god. Vi ventar på å få med oss endå ei til hausten.

Vi samarbeidar og/eller hentar også inn den kompetansen vi treng utanfrå til ulike prosjekt, og tusen takk til alle vi har samarbeidd med i andre bedrifter så langt i år.

Prosjekta me arbeider med for tida, er store og spanande med vid spennvidde. Det er kjekt å vera med å forma nye område på Vestlandet og andre stader i Noreg.

Vi satsar på at det vil vera meir enn nok å gjera framover, og kanskje ser vi etter fleire som vil vera med på laget.

Til slutt, ha ein riktig så god sommar!

Helsing oss i Ard arealplan