Då er vi tilbake på jobb!
I løpet av sommaren har eit av Ard sine prosjekt vore i media. Liaparken har blitt omtalt av avisa Morgenbladet, Nrk og arktektur.no.
Liaparken har hint om vestnorsk bygningstradisjon med tun og smau i eit moderne bustadbygg, som skal fungere som eit vertikalt nabolag med fleire sosiale funksjonar og møtestader.
Planforslaget vårt for BOB eiendomsutvikling var ferdigstilt tilbake i 2018 med godkjent plan, godkjent i byggesak i 2021, og sto innflyttingsklar i 2023 med 127 bueiningar over sju plan.
Byggeriet legg seg fint etter åssida.
Liaparken har vore i media fordi buforma og utforminga elles er utanom normalen, der delingskultur og samhald har vore i fokus; med plass til verkstader for reparasjonar, gjenbruksrom, el-sykkel, kajakk, elbil, trening og fellesrom som kjøkken og terrassar. Men også måten bygget er satt saman på har vekt interesse: Ein bur tettare på naboen, husa ligger oppå kvarandre, og for å spare plass er det tatt ut enkelte funksjoner mange ikkje treng ofte, og lagt desse til fellesområda, som til dømes gjesterom.
Prosjektet var kjekt og lett å arbeide med, og det var moro å kunne tenke nytt saman med BOB og Mad Arkitekter.
Om du vil lese meir om prosjektet, ligg det lenke ved til nrk.no, morgenbladet, arkitektur.no og bob.no sine nettsider.