Publisert:

Frist er satt til:

19. februar 2024

Detaljregulering for Auredalen, Bjørnafjorden kommune

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det med dette sendt ut varsel om oppstart for detaljregulering for Auredalen, Halhjem 44/139 mfl., i Bjørnafjorden kommune (planID 20231500).

Reguleringsplan
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegn og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak juridisk bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak. Planen er etter kommunen si vurdering i samsvar med gjeldande plangrunnlag, og fører ikkje til krav om konsekvensutgreiing.


Forslagsstillar og konsulent
Roar Misje er forslagsstillar. Ard arealplan AS er konsulent for planarbeidet.

Planområdet
Planområdet ligg i Auredalen på Halhjem i Bjørnafjorden kommune. Området rundt er for det meste uregulert. Planlagt tiltak vil ha tilkomst frå Bjørnavegen via vegen Auredalen. Avkøyrsel inn til planområdet er smal og det må ses på om det eventuelt må gjerast utbetringar.

Planen sitt føremål
Føremålet med detaljreguleringa er etablering av bustader. Det vert føreslått ein regulering av totalt 3 bustader med tilhøyrande infrastruktur. Ein ønskjer å regulere inn ein byggjegrense mot sjø for å vidareføre sikring av strandsona. Etter dialog med kommunen ble plangrensa utvida for å ta med og vidareføre området som ligg som LNF i KPA, for å unngå at det ligg ein uregulert tomt i planen.  

Det er eit ønskje og ein ambisjon at planforslaget skal unngå mest mogleg terrenginngrep og at ein legg tenkt bustader som ein del av terrenget. Planforslaget ynskjer å legge til rette for gode bustader med utsikt ut over Bjørnafjorden. Ein skal forhalda seg til føringane som ligg i ny kommuneplan for Bjørnafjorden vest.

Merknader til varsel om oppstart
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande planprosessen. Innspel eller merknader som gjeld planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

            Ard arealplan AS
            c/o Damsgårdsveien 135
            5160 Laksevåg
            E-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Bjørnafjorden kommune. Alle mottatte merknader og innspel vert sendt inn til Bjørnafjorden kommune saman med planforslaget.

Frist for å kome med merknader/innspel er sett til 19.02.2024. Dette gjev ein frist på 4 veker.

Vidare saksgang
Etter merknadsfristen vil forslag til reguleringsplan verte oppdatert og ferdig utarbeidd. Forslaget vert deretter sendt inn til Bjørnafjorden kommune for sakshandsaming. Etter 1. gongs handsaming vert planen lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker. Det vil då verte høve til å komme med merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

19. februar 2024
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Lonaneset bustad

Frist:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering […]
Planavgrensing -Sande, Gulen

Frist:

31. desember 2022

Detaljreguleringsplan for Indrevika Feriesenter, Sande i Gulen

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast det om oppstart av detaljregulering […]

Frist:

5. august 2024

Detaljreguleringsarbeid Vike camping, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Vike camping, […]
Lambhusbegen

Frist:

16. januar 2023

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, […]