Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Valderhaugane B6

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for Valderhaugane B6, gnr. 21, bnr. 106, m. fl. – Ågotnes i Fjell kommune.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
HBE Eiendom AS og Boligbygging Sotra AS er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg på Valderhaugane sørvest for Ågotnes i Fjell kommune, i eit område som i all hovudsak er ubygd. Området grensar til område med einebustader, rekkjehus og utmark og innehar det gamle skulebygget til Kartveit skule.

Planområdet er på 100 daa.

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for einebustader, rekkjehus og fleirmannsbustader med tilhøyrande infrastruktur. Kommunedelplan for Ågotnes sett krav om at det skal opparbeidast barnehage innanfor planområdet. Behov for barnehage vert vurdert i planarbeidet.

Nordleg del av planområdet er regulert til friluftsføremål i detaljreguleringsplan for Valderhaug, gnr 27, bnr. 504, Valderhaug KB6 og KB7, PlanID 20120010. Dette arealet er teke med i denne reguleringsplanen for å sikre krav i kommunedelplan for Ågotnes om å leggje til rette for at «turveg/turdrag skal ha standard som gang- og sykkelveg med universell utforming og med trygg kryssing av Fv 210». Plangrensa vert truleg trekt inn når trasé for turveg/turdrag er fastatt.

Tiltaket er i tråd med overordna plan og det er difor ikkje trong for konsekvensutgreiing.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særskilde behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen

e-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Fjell kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknader er sett til 11.03.2016.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Plangrense

Frist:

13. februar 2026

Varsel om utviding av planområde

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla utviding av planområde i samband med…

Varslingskart

Frist:

11. mars 2025

Detaljreguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl

I henhold til plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Timrehaugvegen, Gnr./Bnr. 64/906 m.fl., plan-ID er…

Plankart

Frist:

7. februar 2025

Endring etter forenkla prosess av detaljrereguleringsplan for spilde – gbnr. 141/57

I samsvar med plan og bygningslova (pbl) § 12-14 tredje ledd, vert det varsla om endring etter forenkla prosess av…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…