Publisert:

Snekkevika

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal setjast i gong detaljregulering for gnr. 43, bnr. 750 m.fl, Snekkevikneset Fjell kommune. Planarbeidet legg opp til regulering av området til bustadføremål.

Oppstart av planarbeid i dette området har vore varsla tidligare. Planframlegget som vart lagt fram i samband med varslinga vart avist i kommunen hausten 2013. I ettertid har Ard arealplan har fått førespurnad om å lage eit nytt planframlegg. I den samanheng varslast planområdet på nytt med utvida plangrense.

Reguleringsplan:

Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som syner bruk, vern og utforming av areal. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Tove Iversen m.fl er tiltakshavar.

Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:

Planområdet er på ca. 31,5 daa og ligg sør for Brattholmen, søraust på Lillesotra. I gjeldande kommuneplan for Fjell er området avsett til framtidig bustadområde og deler av området ligg i den funksjonelle strandsona (sjå bilde). Området består i dag av fritidsbustadar. Arealet ligg på ei halvøy med vegtilkomst via fylkesveg 233 og lokalveg mot Snekkevika. Planområdet grenser mot sjøområde i sør, nord og vest og mot spreidd fritidsbusetnad i aust.

Reguleringsplanen sitt føremål:

Føremålet med reguleringsplanen er å regulere eit eldre hyttefelt til bustadområde. Planen legg også opp til etablering av nye vegar i området.

Merknadar til oppstartsmeldinga:

Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknader som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Nygårdsgaten 114
5008 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Fjell kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt kommunen saman med planframlegget.

Merknadsfrist:

Frist for merknader er satt til 12.november

Vidare saksgong:

Etter merknadsfristen vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, og deretter sendt til Fjell kommune for sakshandsaming. Etter første gongs handsaming i planutvalet, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Tilsvarande

Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det med dette varsla om detaljregulering for […]

Varselkart Molløesmauet

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Bergenhus, gnr. 166, Bnr. 734 m.fl. […]

Lonaneset bustad

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering for Lonaneset bustad – Lonevåg, gbnr. 13/157, 13/158, 13/159 m.fl., […]

Lambhusbegen

Detaljregulering for Lambhusvegen, Skoge i Øygarden kommune.

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast oppstart av detaljregulering for Lambhusvegen, Gbnr 150/214 m.fl. – Skoge, Øygarden kommune. PlanID: 20220012.


Publisert