Publisert:

Frist satt til:

1. januar 1970

Filer:

Skjoldpollen

I medhald av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 vert det med dette varsla at det skal settast i gong detaljregulering for naustområde Skjoldpollen, gnr. 4, bnr.1, 16 m. fl., Øygarden kommune.
Det vart varsla planoppstart for området i 2009, men planen for området vart ikkje utarbeida. Det blir derfor sendt ut ny varsling om planoppstart for regulering av det same området.Reguleringsplan:
Ein reguleringsplan består av arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastsett framtidig arealbruk for området og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Tiltakshavar og konsulent:
Singh Pandher Baljinder er tiltakshavarar.
Ard arealplan as er konsulent for reguleringsplanarbeidet.

Planområdet:
Planområdet ligg ved Søre Skjoldpollen på austsida av fylkesveg 229. Området er i dag delvis utbygd av naust.  Planområdet er på ca.4,7 daa og er vist i vedlagt kart.
Planområdet er avsett til naustområde i gjeldande kommuneplan for Øygarden kommune 2006- 2014

Reguleringsplanen sitt føremål:
Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for nyetablering av 3-4 naust.

Merknadar til oppstartsmeldinga:
Vi inviterer til samarbeid og medverknad i den kommande prosessen. Innspel eller merknadar som angår løysingar eller gjeld særlege behov kan sendast skriftleg til:

Ard arealplan as
Domkirkegaten 3
5017 Bergen
e-post:

Det er ikkje naudsynt å senda kopi av merknadar til Øygarden kommune. Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vert sendt Meland kommune saman med planframlegget.

Merknadsfrist:
Frist for merknadar er satt til 29.07.2013.

Vidare saksgong:
Etter meldingsfristen vil sjølve planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming. Etter første gangs sakshandsaming vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

1. januar 1970

Tilsvarande kunngjeringar

Varselkart for Lønborg

Frist:

18. september 2024

Detaljregulering for Lønborg, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan Bergenhus, Gnr. 168, Bnr. 1771, Lønborg, boliger,…

Varselkart

Frist:

17. desember 2024

Detaljreguleringsplan for Helgeseter, Bergen kommune

I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles oppstart av reguleringsplan for Fana, Gnr. 7, Bnr. 6, Helgeseter,…

Frist:

5. august 2024

Detaljreguleringsarbeid Vike camping, Alver kommune

I samsvar med plan og bygningslova (§12-8) varslast det oppstart av detaljreguleringsplan for Vike camping, gbnr. 219/1 m.fl i Alver…

Auredalen varslingskart

Frist:

19. februar 2024

Detaljregulering for Auredalen, Bjørnafjorden kommune

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 vert det med dette sendt ut varsel om oppstart for detaljregulering…