Publisert:

Frist er satt til:

7. april 2022

Sætveit

Endring av gjeldande reguleringsplan Sætveit del av gnr. 332 bnr. 176 etter forenkla prosess.

På vegne av tiltakshavar Brødrene Handegard Eigedom AS søkjer Ard arealplan as med dette om endring etter forenkla prosess av planID. 1227_2013001, Sætveit hyttefelt, gnr. 332 bnr. 176 m.fl. med heimel i plan og bygningslova § 12-14.

Det har vore tett kontakt med Ullensvang kommune med avklaring av endringane, og under utarbeiding av dokumenta i saka, og varslinga vert utført på vegne av Ullensvang kommune.

Før gjennomføring med realisering av reguleringsplanen ser tiltakshavar at det er ynskjeleg å gjere visse endringar i gjeldande plan. Ein ser behov for nokre endringar for dei planlagde tiltaka sett i samanheng med terreng og landskap for at dei skal kunne etablerast på best mogeleg og mest hensiktsmessige måte. Arealet for hyttefeltet er særs utfordrande.
Planen vart endeleg godkjent 30.04.2014 og er sidan endra etter mindre endring i 2019 -omtalt som E1. Endringa i 2019 (godkjent 23.10.2019) dreidde seg om ei endring i plankartet der tilkomst til planområdet frå fylkesveg 49 vart flytta litt lenger mot nord. Endringa og flytting av tilkomst vart utført av Norconsult og dreidde seg berre om flyttinga.
Tiltakshavar ynskjer no å gjere endringar i planføresegner og plankart for å lettare kunne ta fatt på realisering av planen.

Etter gjennomført endring no E2 i 2022, vil talet på fritidsbustader vere justert ned frå 8 til 7 einingar.

Planområdet ligg i Ullensvang kommune, og ligg på austsida av Hardangerfjorden.

Planområdet ligg vel 1,7 km sørvest for tettstaden Jondal. Planføresegner_Sætveit hyttefelt 9.03.22 Endring etter forenklet prosess_ Sætveitn Plankart_Sætveit_Reguleringsendring 09.03.2022 Planføresegner_Stekka hyttefelt 28.05.14 Gjeldende plan_endring fra 2019

Merknader til varsel om reguleringsendring
Vi inviterer til samarbeid og medverking i den komande planprosessen.

Meir informasjon kan lesast på nettsida www.ardarealplan.no. Innspel eller merknader som angår planens løysingar eller som gjeld særlege behov kan sendast skriftleg eller elektronisk til:

Ard arealplan AS
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen
E-post:

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Ullensvang kommune. Alle mottekne dokument, merknader og øvrige innspel vil bli sendt til Ullensvang kommune saman med endringsforslaget.

Merknadsfrist
Frist for merknader er sett til 7.04.2022. Fristen utgjer fire veker i samsvar med forvaltningslova.

Videre saksgang
Etter at merknadsfristen har gått ut vert endringsforslaget sendt til Ullensvang kommune for sakshandsaming. Det er ikkje krav til utlegging av forslag til offentleg ettersyn, eller kunngjering av endeleg vedtak. Underretning om vedtak vert sendt til råka myndigheiter som har hatt merknader, og eigarane og festarane av eigedomar som direkte råkast av vedtaket.

Har du innspel?

Obs du kan kun komme med innspel før fristen har gått ut.

Frist er satt til:

7. april 2022
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.

Tilsvarande kunngjeringar

Skautakleiv

Frist:

28. mars 2023

Varsel om oppstart av Skautakleiva- Klokkarvik

I samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 12-8 varslast det oppstart av detaljregulering for […]
Forslag utvidet varselkart RAN seglbåthamn

Frist:

1. januar 1970

RAN seglbåthamn

VARSEL OM UTVIDA PLANGRENSE FOR  REGULERINGSPLAN RAN SEGLBÅTHAMN I medhald av plan og bygningslova (pbl.) […]
Lonaneset bustad

Frist:

22. september 2023

Avgrensa varsel om utviding av detaljregulering Lonaneset bustad – Lonevåg

I samsvar av plan og bygningslova (pbl) § 12-8 varslast utviding av plangrense for detaljregulering […]
Varselkart Molløesmauet

Frist:

29. april 2022

Molløesmauet

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID I samsvar med plan og bygningsloven (pbl) § 12-8 varsles […]